En dansk studie viser at 9/11 utløste psykisk sykdom hos en god del dansker. Nå forsker samme gruppe på virkningen av 22/7.

Ei dansk forskargruppe har gått gjennom data for perioden 1995-2012 frå Psykiatriske Centrale­ Forskningsregister, som har registrert­ all informasjon om alle diagnosar­ som er stilt på alle psykiatriske sjukehus i Danmark. (…..)

Den danske storstudien avdekkjer at terrorangrepa i USA påførte danskar – fleire enn vanleg – psykisk sjukdom.

– Terrorangrepet 11. september 2001 i USA påverka den fysiske­ og mentale helsa til amerikanarar kraftig, men effekten ut over USA er i stor grad ukjent, skriv dei fire forskarane bak studien, i tidsskriftet AJE.

22. juli

Sjølv om studien viser­ ei stigning på 400 diagnosar i løpet­ av eitt år, meiner dei danske forskarane at langt fleire­ landsmenn blei påverka dei dramatiske terrorangrepa for 15 år sidan. Vi har nok berre sett toppen av isfjellet i vår studie, seier dei.

No har dei starta arbeidet med ein ny terrorstudie: Korleis blei Danmark og danskar påverka av terrorangrepa i Norge 22. juli 2011? Kim Mannemar Sønderskov, forskar ved Aarhus Universitet, lettar litt på sløret:

– Her ser vi ein kraftigare påverknad­ enn 11. september-angrepet i USA, fortel han til videnskap­.dk.

http://www.vl.no/nyhet/psykisk-sjuke-av-terror-langt-unna-1.779031

 

ANNONSE
Liker du det du leser? Vipps noen kroner til Document på 13629