Nytt

Jon Hustad har intervjuet tidligere kulturredaktør i Svenska Dagbladet, Peter Luthersson, om organartikkelen til Aftonbladet. Avisen innledet en Israel-fiendtlig kurs allerede etter Seksdagerskrigen. Nå møtes denne intellektuelle Israel-kritikken av nye muslimske innvandrere, som er enda mer Israel-fiendtlige. Luthersson er redd ekstremismen har bitt seg fast i Sverige.

– Kva er det som gjer at ein slik artikkel kan stå på trykk i Sveriges største avis?

– Her kan eg berre spekulera, men mitt inntrykk er at Linderborg har ein like oppumpa sjølvtillit som ho har dårleg dømekraft. Eg trur ho har sett dette som ein ganske normal artikkel som passar inn i tradisjonen til Aftonbladet. Avisa har stått i spissen for omsnuinga av svensk journalistikk når det gjeld Israel. Alt etter seksdagarskrigen sleppte Aftonbladet til svært grove artiklar om Israel og jødar på kultursidene, og på eit vis har avisa vorte sitjande fast i denne rolla.

– Men eitt er det å kritisera Israels politikk, noko anna er det å lata udokumenterte påstandar passera. Sett frå utsida verkar det som om avisa har ynskt at påstandane skal vera sanne.

– Og det er på ingen måte overraskande. Den største endringa kom under den førre kulturredaktøren, Håkan Jaensson. Han gjorde kultursidene til eit propagandaorgan mot vestlege verdiar generelt og Israel spesielt. Avisa har gjennom åra publisert ei rekkje artiklar av Naomi Klein, Robert Fisk og Noam Chomsky, alle desse venstreikona som ein kan kjøpa billeg gjennom internasjonale byrå, og med det har sjølve kulturen vorte endra.

Hadde artikkelen kome til ein normal redaksjon, hadde dei med ein gong sett at han var unormal, men eg er ikkje sikker på at Aftonbladet lenger er ein normal redaksjon. Artikkelen passa diverre inn i den vanlege haldninga deira om «dei vonde israe­larane».

– Og no sit både Sverige og Israel att med redusert om­­døm­e?

– Ja, denne saka er berre trist og fører fokus i heilt feil retning. Israel av alle har enda opp med å krevja det same av Sverige som visse muslimske leiarar kravde av Danmark under Muhammed-striden; det er ei total mistyding av ytringsfridomen. Men samstundes er det noko i kritikken av Sverige, særleg utviklinga i Malmö er urovekkjande. Etter Israels Davis Cup-kamp mot Sverige i Malmö (som vart spela for tome tribunar og til enorme protestar, red.merk.) skreiv til dømes The Financial Times ein svært kritisk artikkel om Sverige og hevda at det berre var Dubai som tidlegare hadde gått så langt som Malmö i anti-israelsk åtferd. Eg veit òg gjennom mine jødiske vener at det er jødar som flytter frå Malmö av di dei ikkje lenger kjenner seg trygge. Visse delar av Sverige, særleg Malmö, har eit stort innslag av muslimske innvandrarar. Det ville vera underleg om det ikkje fekk valstrategiske konsekvensar, særleg sett i lys av at det lenge har vore ein sterkt Israel-kritisk tradisjon innanfor det svenske sosialdemokratiet.

– Men både Davis Cup-skandalen og denne artikkelen kan vel tena som ein vekkjar?

– Eg trur ikkje det, eg er redd dei ekstreme haldningane har sett seg hjå mange i Sverige.

Nå har både Aftonbladet og Aftenposten «gjort bort seg», dvs. trykket artikler om Israel som er blitt herostratisk berømte, også internasjonalt. Erfaringen viser at det ikke er noe som forsvinner. Artiklene vil klebe ved de Schibsted-eide avisene i lang tid. Er dette noe som bekymrer direksjonen i Schibsted? Er antisemittisme bad for business? Muslimer leser ikke aviser, står det i VG.

Eit konspiratorisk Sverige

Alternativ virksomhet i norske medier? – om Davis Cup