Sakset/Fra hofta

I artikkelen Antydningens kunst anklager Dagbladets Marte Michelet journalist Jon Hustad i Dag og Tid for å ha «antydet» at innvandringen fra Nord-Afrika og Midtøsten kan føre til at den norske velferdsstaten bryter sammen.

Beskyldninger om å bedrive antydningens kunst vil Hustad imidlertid ikke ha sittende på seg: – Nei, eg insinuerer ikkje, eg seier det rett ut, skriver han:

Frich-senteret på Blindern har sett på tala, som mellom anna er ein del av grunnlagsmaterialet til det offentlege uføreutvalet (NOU 2007:4): Uføreutvalet skriv: «Innvandrere fra Nord-Afrika og Midtøsten skiller seg ut med en meget høy sannsynlighet. Mens nordmenn har en uføresannsynlighet på om lag 12 prosent, anslås uføresannsynligheten for disse gruppene til å være henholdsvis 35 og 27 prosentpoeng høyere, alt annet likt.» Alt anna likt tyder at dei har justert tala for alder, utdanning, klasse og type arbeid. Dei konkrete uføretala Frich-senteret fann for menn i aldersgruppa 55 til 59, var desse: Dei med pakistansk bakgrunn låg på 45 prosent, dei med tyrkisk på 55 prosent, dei med marokkansk på 67 prosent. Dei frå Sri Lanka, derimot, hadde ein uføreprosent på 9,5, og endå lysare er det om vi ser på dei med kinesisk bakgrunn, prosenten der var 7,8. Dei to siste tala er altså lægre enn for gjennomsnittsfolkesetnaden. På side 388 i Fordelingsutvalets rapport (NOU 2009:10) er det ein figur over arbeidsdeltakinga til innvandrarar frå den tredje verda. Den syner at vi er det landet i Europa som har størst sysselsettingsgap mellom majoritetsfolkesetnaden og innvandrarar. Bryt ein ned tala, finn ein at hovudårsaken til dette ligg i den låge arbeidsdeltakinga til dei frå Nord-Afrika og Midtausten.

Prøv – om du er i stand til det – å svara sakleg, Michelet.

Dagbladet: Svar sakleg!