Gjesteskribent

Av Olav Bjørkum: Eg opplever document.no som ein akademisk plaskedam som skvulpar over av personlege skuldingar, feiltolkingar, misforståingar og eit tåkeleggande språk. I tillegg kjem den bekvemme anonymiteten til mange av debattantane. Evna til å å uttrykka seg enkelt og klart ser ut til å minka når utdanninga aukar.

Eg er ingen akademikar, og knapt nok intellektuell. Likevel kjenner eg trong til å tona flagg i verdispørsmål så store at dei vedkjem nasjonens identitet og menneskets verdi. Tanken om at mine meiningar høyrer privatlivet til, har inga meining.

Først eit par ord om fordommar og fobi. Fordom er ei oppfatning av andre menneske og grupper som byggjer på kunnskapsløyse. Fordomen kan også visa seg å vera rett, men då er det berre flaks. Fobi er det psykiatriske ordet for sjukeleg, irrasjonell frykt. Du kan gå hundre tusen gonger over ein open plass utan at himmelen ramlar i hovudet på deg, men det veit ikkje den som lir av agorafobi.

Islamfobi er eit ueigna ord i debatt. Marte Michelet i Dagbladet seier at islamfobien er ein av dei farlegaste ideologiane i vår tid. Det er definisjonsmessig feil. Fobi er ingen ideologi. Me som fryktar islam frykra ideologiane nazisme og fascisme like mykje. Når Michelet driv og brunbeisar motstandarane ser ho bort frå at deler av islam omfamnar både Hitler og nazismen.

Den frykta mange av oss kjenner for islam er som regel rasjonell. Me har tenkt over saka. Den gongen eg visste minimalt om islam var Islam til å leva med. Etter å ha lese Koranen og ei rekkje islamkritiske bøker, er det skapt ei frykt i meg for dei følgjene som eit islamsk hegemoni vil føra med seg.

Før andre verdskrigen kom Arnulf Øverland med ein så sterk kritikk av kristendommen at han vart trekt for retten for blasfemi. I eit Noreg som var langt meir kristent då enn no, vart Øverland frikjend. Hadde Øverland brukt dei same orda mot islam, i eit muslimsk land, ville han vore død lenge før han kom i rettssalen. Tusenvis av menneske vert drepne i namnet til Allah; det er ei æressak å drepa dei. Og så snakkar Lars Gule og Marte Michelet om det multikulturelle Noreg! Er det multikulturelt ok å drepa folk?

Nederlandske Geert Wilder spreidde panikk i det offentlege rom med filmen Fitna, og muslimane ropte høgast. Kva var det Wilder gjorde? Han laga eit greitt dokumentært resymé over islamsk ord og gjerning. Den påklistra musikken til Grieg endrar ikkje dette faktumet. Nokre kallar Wilder for høgreorientert, som visst nok skal vera eit så sterkt skjellsord at adressaten misser staus som meiningsytrar. Heller ikkje det rokkar ved Fitnas dokumentasjon. Muslimane burde heller gle seg over at bodskapen deira vert spreidd så effektivt.

Det finst mange venlege muslimar. Likevel er eg redd. Eg skjønar godt folk som ikkje torer opna kjeften. Det er ein del av islams strategi. Vesten er hjelpelaus andsynes ein religion som foraktar dei humanistiske verdiane som demokratiet og menneskerettane byggjer på.
Islam har erklært Vesten som fienden. Me strevar alt me kan for å erklæra islam som venn. Me skriv frå oss retten til å kritisera religionar som definerer nokre som gode og andre som vonde eller fortapte. Hadde det nytta, så ville eg sagt: Gud hjelpe oss!

Stord,
Olav Bjørkum