En kvinne leser fra en bok i en barnevennlig cafe i Budapest 28. januar 2020. Foto: Bernadett Szabo/Reuters/Scanpix

Det viktigste tiltaket mot koronasmitten, er framleis at avstandsregelen på 1,5 meter vert respektert. Dette går fram av eit vedtak Bundesregjeringa fatta i går, onsdag.

Dette påbodet vert det imidlertid ikkje enkelt å overhalde i barnehagane, som no gradvis vert opna att.

Bernhard Kalicki, professor og ekspert innan førskulepedagogikk ved Deutschen Jugendinstitut (DJI), seier:

«Dei yngste er særskilt avhengige av hjelp og støtte frå ein nær omsorgsperson, særleg når det gjeld handsaming og regulering av sterke kjensler. Det irriterte, redde eller stressa barnet treng ein vaksen som er merksam på stressignala deira, som kan tolke desse rett og reagere på korrekt måte. Dette krevjer også fysisk kontakt, som til dømes når vi trøystar eit gråtande barn.»

Kalicki meiner barnehagane må organisere seg i mindre grupper av «isolerte læringsmiljø», med permanent tildelte rom og faste vegleiarar. I tillegg skal ikkje foreldre ha adgang (henting og levering må foregå ved utgangsdøra), og hygienetiltak må iverksetjast på strengast mogleg vis.

«Reint generelt må ein berre akseptere at prinsippet om avstand ikkje lar seg gjennomføre hjå barn i førskulealder,» avsluttar han.

Som trebarnsfar kan eg for eigen del leggje til at det å skifte bleier er noget problematisk om avstanden på halvannan meter skal overhaldast.

Kjelde:
https://www.berliner-zeitung.de/mensch-metropole/experte-150-meter-abstandsregel-in-kitas-nicht-einzuhalten-li.77734

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.