Nytt

Ei voldsam konflikt mellom familiemedlemer braka laus på eit sjukehusrom ved St. Josephs-sjukehuset i Berlin-Tempelhof tysdag ettermiddag.

I alt var 30 menn involverte, og politiet rykka ut med ein styrke på 60 betjentar. Politiet måtte bruke tåregass for å få slutt på slagsmålet – som etterkvart flytta seg ut på parkeringsplassen utanfor sjukehust.

Tvisten oppstod klokka 15.50 på eitt av roma på sjukehuset i Wüsthoffstraße. Årsaka til konflikta er ikkje kjend.

Den eldste i gruppa, ein 43-åring, freista roe gemytta. Alle var visst nok i familie med kvarandre.

Etter at dei fleste av delinkventane vart tatt hand om av politiet, klarte nokre å sleppe unna. Alle er imidlertid anklaga for brot på kvardagsfreden.

Ein 22-åring vart teken hand om av sjukehuset sine personal pga irritasjon i augene etter tåregassen; behandla vart også to politimenn med lettare skader.

Lukka får ein seie var at sjukehuset ikkje var mange meter unna…