I bydelen Kreuzberg vart ein mann drepen natt til i dag. Han vart kasta framfor inngåande tog på stasjonen Kottbusser Tor natt til i dag (onsdag). Ifølgje opplysningar frå politiet, dreier det seg om ein 22 år gamal iraner.

Vitner fortel at to menn med «sydlandsk utsjånad» var i ferd med å rane ein rullestolbrukar. 22-åringen, som var i følgje med rullestol-brukaren, gjekk imellom, noko som førte til at dei to ranarane kasta mannen ut på skinnene like før toget ankom. Han havna mellom toget og plattformkanten.

Passasjerar greidde å få mannen fri, og ein lækjar var raskt på staden, men livet til iranaren let seg ikkje redde. Politiet rykte ut med fleire patruljer, og ransaka/forhøyrde samtlege personar som befann seg på stasjonen. Då hadde imidlertid dei to gjerningsmennene allereie flykta. Pårørande til den drepne vart tilkalla, og braut fullstendig saman av sjokk og sorg. Dei fekk straks hjelp av medisinsk personell.

Kriminalpolitiet har overteke saka, og videoopptaka syner at dette var ei berekna gjerning, altså eit opplagt mordanslag. Frå videoopptaka er også dei to mordarane godt synlege; det burde såleis ikkje ta lang tid før dei vert pågripne.
Togføraren var naturleg nok også i sjokk, og vart frakta til psykiatrisk avdeling på det næraste sjukehuset.

 

I august i år måtte ei 41 år gamal kvinne forklare seg for Tingretten i Berlin – av di ho i februar hadde gripe ei tilfeldig kvinne (17 år) etter håret og slengt henne framfor t-bana på Alexanderplatz stasjon. Lukkelegvis klarte 17-åringen å kome seg oppatt på plattforma sekundet før toget passerte. 41-åringen forklarte at offeret hadde sett «stygt på henne». «Blikking», altså.

Og i januar 2016 vart ei kvinne dytta framfor t-bana på stasjonen Ernst Reuter Platz. Mannen som begjekk udåden, kjende ikkje kvinna, og vart dømd til 14 års psykiatrisk oppbevaring.

berliner-zeitung.de   morgenpost.de

 

Kjøp Hege Storhaugs bok «Islam. Den 11. landeplage» fra Document Forlag her!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene som vi skriver om. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar 🙂