Kommentar

Mads Gilbert påstår i Aftenposten at mangel på medisin og medisinsk utstyr på Gaza skuldast den israelske blokaden. Dette er galt. Årsakene til den kritiske forsyningssituasjonen på dei offentlege sjukehusa som Hamas driv ligg i rivaliseringa mellom Fatah (Vestbredda) og Hamas (Gaza). Dette har vore ei kjend problemstilling i lang tid. Dette er ein viktig del av bakgrunnen som norske lesarar burde få kjennskap til.

Israel har ingen restriksjonar på medisin og medisinsk utstyr til Gaza. Forsyningssituasjonen til sjukehusa er i hendene på dei palestinske styresmaktene på Gaza og på Vestbredda.

Påstanden til Gilbert er difor så grov at den skulle fått ein journalist til å reagere. Skulle Israel nekte innføring av medisin og medisinsk utstyr til Gaza? Aftenpostens David Back synes likevel det er greit å referere Gilbert ukritisk.

«- Før angrepet i går var Shifa skrudd helt ned på absolutt minimum av kapasitet. De mangler alt for å kunne drive forsvarlig sykehusvirksomhet, fra intravenøse væsker og suturmateriale til å sy sårskader, til medikamenter og reservedeler. De har rundt 40 prosent av medikamentene de trenger på grunn av sju år med blokade, sier Gilbert, som mener det kun er et tidsspørsmål for helsevesenet bryter fullstendig sammen.»

Gilbert kjem med dei same påstandane i ein privat rapport til FN-organisasjonen UNRWA (Hjelpeorganisasjon til FN for dei palestinske flyktningane i Midtausten) 3. juli 2014:

«Following years of socioeconomic decline, repeated attacks and Israeli closures and siege, the health sector across the Gaza Strip is lacking adequate physical infrastructure, supplies and training opportunities.”

Rapporten er ikkje meir “privat” enn at den er skriven med Helse Nord, Universitetssykehuset I Nord-Norge sin offisielle logo. No ligg den på UNRWA sine sider.

I rapporten kjem det likevel fram at sjukehusa manglar finansiering, men sjølv dette blir sausa saman med den israelske blokaden: «Fiscal crises and siege is causeing a clinical crises» (finansieringskrise og beleiring er årsak til krisa i det kliniske tilbodet ved sjukehuset). I rapporten sin grunngjev han ikkje kva det er ved den israelske «beleiringa» som er årsak til mangel på medisin og medisinsk utstyr.

Gilbert tek feil. Alt tyder på at årsaka til forsyningssproblema ligg i konflikten mellom Fatah og Hamas – mellom dei palestinske styresmaktene på Vestbredda og Hamas-regjeringa på Gaza. Styresmaktene på Vestbredda er nemleg den viktigaste kjelda til finansiering og drift av sjukehusa også på Gaza medan sjukehusa er administrert av helsedepartementet til Hamas.

Forsyningssituasjonen og avlønning av tilsette i den offentlege tjenestesektoren på Gaza har difor spelt ei sentral rolle i konflikten mellom Fatah og Hamas sidan 2008. Dette er velkjent. Ramallah held tilbake pengar medan Hamas freistar få kontroll på den sivile administrasjonen i Gaza og bruke denne til å styrke sin maktbase. Ikkje minst er det viktig for Hamas å tilby innbyggarane sosial- og helsetenester. På dette kviler mykje av Hamas in popularitet.

For Hamas har Ramallahs finansiering av helsevesenet på Gaza difor vore avgjerande for at Hamas kunne overleve som politisk faktor. På den andre sida har Abbas` PA med desse overføringane eit tak på Hamas. Sjølv forsyninga av medisin er ein brikke i dette spelet: «Ramallahs funds have also given it the power to provide and withhold payments and medicines depending on the political environment”, skriv Center for Strategic & International Studies i ein rapport frå 2012.

I rapporten med tittelen “Gaza`s Health Sector under Hamas” skriv CSIS mellom anna at “According to WHO, for example, in early January 2011, nearly 40 percent of essential drugs were out of stock in Gaza, in part because of the Ramallah MoH`s refusal to deliver them”.

Ein representant for helsedepartementet i Gaza hevda i 2009 at berre 24% av medisin og medisinsk utstyr som var budsjettert for helsetenesta i Gaza blei levert.

Hamas har meint at Ramallah, som altså skal forsyne sjukehusa på Gaza, ikkje leverer nok medisin og utstyr, skal vi tru ei sak frå det palestinske pressebyrået Ma´an. Denne kritikken er også noko som skal vere stadfesta av Verdas helseorganisasjon (WHO).

I 2009 uttalte mellom anna FN og WHO i ei pressemelding «serious concern» fordi styresmaktene på Vestbredda ikkje ville godkjenne eller finansiere pasientbehandling i Israel eller Egypt for pasientar i Gaza. Problemstillinga er difor velkjend.

9. juli uttalte Abu Mahadi, direktør for avdelinga for legemidler i helsedepartementet i Gaza til nettavisa al-monitor, at ansvaret for den akutte mangelen på medisinske forsyningar til sjukehusa ligg hos styresmaktene på Vestbredda:

«The responsibility for supplying medicine to Gaza, according to Abu Mahadi, lies with the Palestinian Authority in the West Bank. He said that the PA had sent a shipment of medicine, but it had nothing to do with the list of important medicines and supplies that the Ministry of Health in Gaza said it needed as soon as possible.

«This shipment did not include medicines and supplies needed for emergency situations, and will only last for a very short period of time,» he said”

Tenestemannen seier ikkje noko om at slike produkter blir stansa av Israel.

Det er også tidlegare hevda at Hamas gøymer unna medisin og medisinsk utstyr. Den kjende journalisten Khaled Abu Toameh omtalte dette for nokre år sidan. Han meiner fleire hjelpeorganisasjonar har stadfesta mistanken mot Hamas.

Dersom det var slik at Israel hindrar innførsel av medisinar og medisinsk utstyr ville dette vore eit sentralt tema for det internasjonale samfunn. Vi ville alle høyrt om det. Vær sikker.

I rapporten til CSIS blir det derimot ikkje nemnt med eit ord at Israel hindrar innførsel av medisin og medisinsk utstyr.

Verdas Helseorganisasjon la dessutan førre veke ut ein rapport som åtvarer om at helsevesenet på Gaza står i fare for å kollapse. WHO i samarbeid med UNRWA ber difor donarar om 40 mill. dollar straks for å sikre helsetilbodet dei neste seks månadane. Ikkje med eit ord er det nemnt at situasjonen skuldast ein israelsk blokade av medisin og medisinsk utstyr.

Og dei avsluttar med:

«WHO is continuing to work with the Ministry of Health (Ramallah) to coordinate humanitarian aid from donors, including facilitating the entry of medicines into the Gaza Strip.»

Ville blokade av medisinske forsyningar vore ein faktor, ville WHO og FN tatt dette opp her.

Den viktige grensestasjonen Kerem Shalom er open og to-trehundre lastebilar passerar dagleg med varer og medisiner trass rakettangrep mot Israel.

Med andre ord, den prekære medisinske situasjonen på Sifa-sjukehuset til Mads Gilbert skuldast manglande finansiering, og eit langvarig politisk maktspel mellom dei to palestinske fraksjonane – ikkje blokaden.

Er det mogleg at Gilbert etter mange år med nær kontakt med sjukehuset ikkje visste dette? Han veit dette. Det er difor ein lege med ytterleggåande politiske synspunkt kan vere ein god hjelpearbeidar, men ein dårleg kjelde for nyheitsjournalistar.

Dersom lesarane ville få kjennskap til korleis det verkeleg stod til, ville ein miste noko av sympatien med både dei palestinske sjølvstyrestyresmaktene og med Hamas – ein ville rett og slett få eit meir balansert syn på situasjonen.

Palestinarar flest er dessverre berre brikker i spelet, slik dei er det i heile Midtausten. Det er det bitre, at ingen bryr seg verkeleg om palestinarane. Ingen. Deira liding blir brukt i kampen mot Israel, og i kampen mot Vesten på vegen av «resten». Det er rolla dei har fått. Og Gilbert er med.