Gjesteskribent

Raudkledte demonstrantar frå bevegelsen Extinction Rebellion deltar i ein protest i Sydney den 7. oktober 2019. Foto: Steven Saphore / EPA / Scanpix.

Det går over stokk og stein når ulike politiske parti tek til å skulle overby kvarandre i «tiltak» mot endringar i klimaet. Opinionen pressar samtlege parti til drastisk handling. Alle skal «berge» hav og is og regnskog med milliardar av norske skattekroner.

Eit svekka Ap skal gjera «klimaet» til hovudsak ved stortingsvalet om to år. Ein mogleg regjeringspartnar, MDG, toppar pengebruken så langt og vil løyve 65 milliardar kroner kvart år framover til eit grønt FN-fond. Det norske oljefondet (på folkemunne kalla «Pensjonistfondet» eller «Innvandringsfondet») vil oppleva djupe innhogg.

Dei globale dollarmilliardærane ser fram til ekstra gode tider: Gjennom korporasjonar og alle slag vestlege medium (som dei eig og kontrollerer) er dei med og piskar opp «den grøne bølgja» samtidig som dei sjølve no investerer friskt i olje og gass!

Dei multinasjonale spekulantane, ikkje minst George Soros og hans like, ser at olje, gass og kol er heilt avgjerande energikjelder for å dekkje behovet i verda i lang tid framover. Sol og vind er å likne med den musa som skvettar i havet. Trass i politiske ønskjemål frå mange aksjonistar om å stoppe utvinning av fossile ressursar innan 2025–2030, vil realitetane bak energibehovet stå ved lag endå i fleire tiår framover.

Då energikrisa uvilkårleg kjem, vil spekulantane (hedge fund billionaires and global corporations) som for tida investerer tungt i fossile energikjelder, håve inn på sterk oppgang i oljeprisane.

Greta Thunberg er ei ung og engasjerande jente som brutale krefter veit å nytte som symbol og lokkedue i sitt gigantiske spel for å kanalisere enorme verdiar inn mot endå færre hender.
Dei politiske partia, og veljarane, bør såleis ikkje henge seg på den panikken som no vert skapt, men hugse at kritisk ettertanke og moderasjon alltid har vist seg fornuftig. Mange av oss har opplevd domedagsliknande kampanjar om «berre ståplass på jorda», «global matmangel», «atomkappleik», «ozonkatastrofe», «kjernekraft», osv.

Difor: Ta det litt med ro! Vis skepsis til dei som prøver å skaffe seg popularitet og politisk makt gjennom svartmåling og skremsel. Tenk på arbeidsplassane. Lat demokratiet og våre leiarar få satse på moderasjon, økonomisk overskot og handlingsrom som kan gje løysingar for frie, sunne og fornuftige liv.

 

Teksten ble først offentliggjort på Facebook, og er gjengitt med forfatterens vennlige tillatelse.

 

Kjøp Roger Scrutons bok «Konservatismen» fra Document Forlag her!