Halfdan Egedius (1877-1899)
Illustrasjon først publisert i 1899-utgaven av Snorres kongesagaer.

Snorre-illustrasjonene var det siste Halfdan Egedius rakk å utføre før han gikk bort, vel 21 år gammel. Motivet er hentet fra Olav den helliges saga, avsnitt 206, her gjengitt i Steinar Schjötts nynorske gjengivelse.

Det er ikke vanskelig å se at Steinar Schjötts nynorsk avviker en del fra Ivar Aasens.

206. De er fortalt, at daa kong Olav fylkte heren sin, sette han menn i skjoldborg, som skulde standa framfor han i slage, og til dette valde han dei mennane som var sterkast og snarpast. Daa kalla kongen skaldane til seg og bad deim ganga i skjoldborgi. «De skal vera her,» sagde han, «og sjaa de som her gjeng fyri seg, so trengst de ikkje aa høyra etter segnir av andre, og De skal sidan fortelja de og dikta um de.» Der var Tormod Kolbrunarskald og Gissur Gullbraa, fosterfar hans Hovgarde Rev, og Torfinn Munn. Daa sagde Tormod til Gissur: «Lat oss ikkje standa so trongt, kammerat, so ikkje Sigvat skald fær rome sitt, naar han kjem. Han vil vel vera framanfor kongen, og kongen vil vel ikkje vita av anna heller.» Kongen høyrde dette og svara: «Du tarv ikkje sneida Sigvat, for di um han ikkje er her; han hev tidt fylgt meg godt; no bed han for oss, og de treng me godt til.» «De kan gjerne vera,» svara Tormod, «at du no treng mest til bønir, men tunt vart de um merkes-stongi, var alle hirdmennane dine no paa Roma-ferd. De er sant og, at me fyrr klaga paa at ingin fekk rom for Sigvat, naar ein vilde tala med deg.» Daa tala skaldane seg imillom og sagde at de kunde vera høvelegt, at dei dikta nokre minnevisur um de som no snart skulde ganga fyri seg. Daa kvad Gissur:

Den bodskapen seinast
skal bondedotteri ottast,
at uglad eg var. Til verkel
paa vollen aa møta til skjoldting
Alt um arm-stælte hermenn,
paa Odins møyar bidar,
i Gonduls gny lat oss standa
med gramen traust saman.

Daa kvad Torfinn Munn eit anna vers:

De myrknar mot de sterke
malm-él i skjoldgarden harde;
verdølir vil til sverdleik
med vise kongen risa.
Lat ramnen den glade oss gjøda
og gramen verja ramleg;
me fullbørt trøndir skal fella
i furande Odins skuri.

Daa kvad Tormod:

Til staal-vére de store
stundi no seg skundar;
sverdtid stig, — no hugen
maa sist kongsmenn missa.
Til strid lat oss gjera oss reide;
ræddhug daa ikkje duger,
naar til geir-ting me ganga
med gladvære Olav i radir.

Desse visune lærde folk strakst.

(Det er ikke vanskelig å se at de presumptivt kristne skaldene gjorde en del bruk av referanser til  den hedenske norrøne mytologi).

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene som vi skriver om. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.