
Nørrebro i København. Foto: Steen Raaschou
Ei særskild lov om islamofobi kan verta et grusomt våpen i henda til ei gruppe menneskje som ikkje akkurat har utmerka seg med ydmjukheit.
Ser at enkelte ytrar seg med krav om «handlingsplan» mot islamofobi her i Noreg. Bakgrunnen er ein villfaren ungdom som trampar inn i ein moskè med våpen i hand, etter at han har teke livet av eit yngre familiemedlem.
Straks er ivrige debattantar på venstre fløy ute etter å skulde store delar av det norske folket for «muslimhets». Dei vil ha ein plan mot islamofobi. Støre er positiv, Erna er heldigvis i tvil om nytten av dette. Berglund Steen vil – for å vera sikker – legge ned alle nettstader og info-kanalar som i det heile vågar å stille spørsmål ved innvandring, multikulturalisme, islam og mogleg islamisering.
Motto: Ned med ytringsfridomen! Opp med politistaten! Ja til statsstøtte til seg sjølv, og nei til andre med avvikande syn og meiningar!
Islamofobi er ikkje identisk med muslimhat. Politiske spekulantar prøver å sause saman desse to begrepa.
Hugs: Det er mange nordmenn som var mot den sovjetiske kommunismen, utan at dei av den grunn hata det russiske folket.
I frie og opplyste samfunn må ein setja episodar i perspektiv. Sidan 22.juli har «høyre-ekstremismen» gitt seg få utslag i Noreg.
Om islamistisk inspirert terror skal reknast som høgre-ekstremisme eller venstre-ekstremisme, kan andre få drøfte.
Men i same veke som tullingen i Bærum slo seg laus, skjedde følgjande: «In the name of Allah» vart det utført 28 dødbringande åtak i tolv land, som førte med seg 118 drepne og 331 såra menneske. I juli var det 769 drepne. Hittil i år er det fleire tusen.
Skal det lagast handlingsplan mot islamofobi, må det vera ein sjølvsagt del av planen å opplyse om kva islam er – som religion og politisk system – og kva dette fører med seg i retning jihad og plikter i den verdsomspennande ummahen.
MEWE
Lei av Facebook? Følg oss på MeWe, da vel!