Alle foto: Håvard Hedde.

Rundt 11.000 menneske demonstrerte søndag mot antisemittisme, Israel-hat, rasisme og framandfrykt. Demonstrasjonen vart halden midt i Berlin, og enda opp ved Brandenburger Tor.

For eit par veker sidan kalla gruppa «Nie wieder ist jetzt» inn til ein stor pro-israelsk demonstrasjon i Berlin. Solidaritetsmarsjen skulle gå frå «Goldene Elsa» (ved Großer Stern) langs Straße des 17. Juni til Brandenburger Tor, ei strekning på om lag 2,5 kilometer.

Tidspunktet for avgang var klokka 13 søndag, og ifølgje heimesida til arrangøren var det 13.343 påmelde. Så mange var det likevel ikkje som møtte fram, og eit lett og jamt duskregn må truleg ta skulda for dette. Politiet estimerte eit antal på tre tusen, medan arrangøren hevda at rundt elleve tusen tok del. Sjølv heller eg mest til det sistnemnde antalet.

Ein av dei første eg støytte på, var Michael H. (han ynskte å vere anonym og ville ikkje bli fotografert en face) frå Stuttgart. Han hadde teke den dryge 58 mil lange reisa eins ærend for å ta del i demonstrasjonen. Og han fortalde at sjefen hans var så velvilleg til det heile at han fekk to dagar fri – med løn!

Michael H. frå Stuttgart ynskte å vere anonym, men fortalde at han tilhøyrde ei større gruppe i Stuttgart som arbeidde intensivt mot jødehat og antisemittisme. «Goldene Elsa» (Siegessäule) i bakgrunnen.

Andre personar eg prata med, var alle fortvilte over det aukande jødehatet og den tiltakande voldelege antisemittismen. Og på spørsmål om kva dei trudde dette skuldast, svarte ni av ti det vi «alle veit», medan den siste tiprosenten hevda at AfD og høgreekstreme har skulda.

Ei brei allianse av kjendisar, artistar og politikarar frå om lag samtlege parti stilte seg bak demonstrasjonen, som dei støtte opp om av di eit oppgjer må takast med den stigande antisemittismen i Tyskland, og med dei stadig aukande overgrepa mot jødar i landet.

Fremst i demonstrasjonen gjekk Berlin sin borgarmeister Kai Wegner (over W på biletet). Til venstre for han (over bokstaven I) ser vi popsongaren Roland Kaiser.

Eit ekstra sterkt vitnesbyrd var ei kvinne som hadde kledd seg ut som om ho var eit av ofra frå Hamas sine bestialske og barbariske terror den 7. oktober. Namnet hennar fekk eg diverre ikkje tak i, men synet av dei blodstenkte kleda gjer dei dyriske og uhyrlege handlingane ljos levande i all sin groteske gru.

Fleire aktørar heldt talar og appellar frå scena ved Brandenburger Tor

Frå scena ved Brandenburger Tor heldt fire leiande representantar frå respektive protestantisk, katolsk, jødisk og muslimsk hald inntrengjande paroler om fred, friheit og samarbeid.

Slagersongaren Roland Kaiser innleia talen sin med å seie at det er uuthaldeleg for han å måtte påpeike tilstandar som «burde vore tatt for gitt for lenge sidan». Og han fylgde opp med at det ikkje er meir enn 80 år sidan dei brune hordane marsjerte i desse gatene, med antisemittisme og jødehat som fremste karaktertrekk og jødeutrydding som fremste mål.

«Det er djupt skammeleg det som for tida hender i landet vårt. Om mottoet «Tyskland står opp» («Aldri meir er no»), som vart ropt unisont under heile demonstrasjonen, hevdar han: «Tyskland burde ha stått på tærne for lenge sidan.»

Presidenten i sentralrådet for jødar i Tyskland, Josef Schuster, fylgde opp: «Vi har mista grepet. Det er framleis mogleg å reparere dette, men for å gjere det må ein også innrømme kva som har gått gale siste åra, kva du ikkje kunne eller ikkje ville sjå.»

Han fekk umiddelbart støtte av Hubertus Heil (SPD), den føderale arbeidsministeren, som understreka følgjande: «For mange anstendige menneske teier. Og dette gir altfor mykje plass til ein «uanstendig» minoritet. Vi vil forsvare samfunnet vårt», sa han. Han takka politiet for deira innsats for å verne jødiske institusjonar, men forklarte at han ynskjer at dette ikkje lenger vil vere naudsynt i framtida. Borgarmeister Kai Wegner (CDU) takka også Berlin-politiet og deira arbeid med å verne jødiske liv.

Politifolk eg prata med, sa at det var om lag 350 betjentar på plass, men at det også føregjekk tre propalestinske demonstrasjonar rundt om i byen parallelt, slik at så å seie heile det berlinske politikorpset var i aksjon denne søndagen. Og at belastninga på etaten berre aukar og aukar.

Propalestinsk demonstrasjon

Berre nokre få kilometer unna, pågjekk det ein demonstrasjon under mottoet «Solidaritet med Palestina – ingen våpen for folkemord». Politiet kalkulerte med eit oppmøte på rundt 2500 deltakarar. Med bakgrunn i konflikta/krigen i Midtausten kravde demonstrantane mellom anna stans i våpenleveransane til Israel. Også etterretningssamarbeid og anna taktisk hjelp til landet måtte stoppast snarast. I tillegg til palestinske flagg såg ein også paroler med bokstavkombinasjonen BDS. Denne kampanjen oppfordrar til boikott av staten Israel og krevjer stopp i all import av varer derifrå.

På veg tilbake til S-bana i Friedrichstrasse kom eg forbi denne statuen.

Monumentet «Trains into Life – Trains into Death: 1938–1939» på Dorothea-Schlegel-Platz ved Friedrichstrasse jernbanestasjon i Berlin-Mitte. Monumentet er ei påminning om den såkalla «Kindertransport», der 10.000 jødiske born fekk emigrere frå Berlin til England med jernbane i 1938/39, og av de jødiske borna som seinare vart deporterte til utryddingsleirane. To av borna representerer dei som vart redda, dei andre fem representerer dei som vart myrda i konsentrasjonsleirane. Skulpturen er laga av den israelske kunstnaren Frank Meisler, som sjølv var ein av dei som vart redda over til England. Eit tilsvarande monument av Meisler står på Liverpool Street Station i London. Monumentet i Berlin vart avduka i november 2008.

Vi får inderleg vone at det ikkje må reisast nye slike minnesmerke i framtida.

Berliner Zeitung – Berliner Morgenpost

 

Kjøp «Det ufattelige var sant» av Walter Laqueur fra Document Forlag her.

 

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.