Under overskrifta «Å bagatellisere alvorlege vaksinasjonsbiverknadar skader vaksinasjonskampanja», kritiserer Berliner Zeitung – så vidt ein veit som første representant for tysk «gamalmedia» – i dag tyske myndigheiter si to år lange forteiing og bagatellisering av til dels svært alvorlege biverknadar oppstått på grunn av covid-vaksinene.

Så langt har imidlertid den offisielle taktikken med å stigmatisere dei som har meldt ifrå om alvorlege vaksine-biverknadar fungert optimalt. Tyske myndigheiter, med helseminister Karl Lauterbach i spissen, vert no anklaga for å ha bagatellisert eller totalt oversett eit stadig aukande antal rapportar om alvorlege biverknadar som følgje av covid-vaksinene.

Årsaka til dette er ifølgje avisa at han, på vegne av myndigheitene, ikkje har villa setje vaksinasjonskampanja i fare. Dette er uaktsomt, påpeikar avisa, og held fram med at Lauterbach i august 2021 på Twitter hevda at vaksina var biverknadsfri, at han i november i fjor i det populære tv-programmet «Anne Will» (på kanalen ARD) kalla alle påstandar om samanheng mellom koronavaksinasjonar og biverknadar for «lurvete desinformasjon» og at han seinast i februar i år uttalte at det knapt eksisterer biverknadar overhodet – sjølv om han på dette tidspunktet – to år etter oppstart av vaksinekampanja – «eigentleg burde vite betre no.»

For ei tid tilbake samla hundrevis av pasientar seg i ein felles aksjon – der dei i eit «Brandbrief» (brannbrev) retta til politikarar og media skildra alvorlege symptom som m.a. har gjort dei ute av stand til både å arbeide og å fungere sosialt. I månadsvis forut for dette har dei kvar for seg og i mindre grupper meldt ifrå til samtlege involverte instansar; bede om kontakter, forskningsresultat og vitskapleg gjennomgang av sakene sine – men nokon form for tilbakemelding har dei aldri fått.

Det totale antalet personar som er råka av biverknadar – såkalla «post-vac»-syndrom – kan framleis ikkje stadfestast; dette av di det i svært liten grad har blitt registrert slike tilfeller overhodet – og at det difor ikkje eksisterer nokon form for statistisk grunnlag.

Paul Ehrlich Institute (PEI), som ansvarleg myndigheit, er avhengig av at lækjarane rapporterer om biverknadane. Lækjarane på si side melder tilbake at det vil ta for lang tid å fylle ut desse skjemaene; dei har knapt tid til anna enn å fysisk behandle pasientane sine, og at rapportane difor vert liggjande ubesvarte. Under slike omstende, bør ikkje nokon vere overraska over at dei statistiske grunnlaga manglar.

I tillegg er heller ikkje tal frå forsikringsselskapa offentleggjorde; ein veit såleis ikkje kor mange som – om nokon – har fått utbetalt erstatning for dei medisinske biverknadane.

Då ein helseforsikringssjef i Bayern gjekk ut offentleg og foreslo å samanlikne tala sine med tala frå PEI, vart han avskjediga same dag som møtet skulle finne stad. I mellomtida har «Die Kassenärztliche Bundesvereinigung» (KBV) etter førespurnad offentleggjort tala for koda biverknadar av vaksinasjonane. Med rundt 2,5 millioner tilfeller er desse tala ti gonger høgre enn biverknadane registrerte og publiserte av PEI.

Men helseministeren står framleis uanfekta framfor kamera og hevdar, uten snev av prov, at dei alvorlege biverknadane av vaksinasjonen definitivt er betydeleg mildare enn å verte smitta av covid. Dette er uaktsomt. Det er ei fornærming og ei hån mot alle berørte. Og i beste fall er det eit forsøk på å redde ei ny vaksinasjonskampanje til hausten.

Så langt har store delar av offentlegheita naturleg nok stolt på myndigheitene si forsikring om at folk flest tåler koronavaksinasjonen godt, og at den hjelper dei heller enn skadar dei. Men no kjem det altså fram at helseministeren har bagatellisert alvorlege vaksinasjonsbiverknadar – og kven vil då vere interesserte i å utsetje seg for nye vaksiner til hausten?

I tillegg:
Deutsche Gesellschaft für Pneumologie und Beatmungsmedizin (DGP) anslår at opptil 15 prosent av alle Covid-19-pasienter slit med Long Covid, to prosent med Post-Covid. Truleg er det imidlertid betydeleg fleire vaksinerte enn sjuke – men sjølv dette eksisterer det ikkje talmateriale på. Så korleis kan Lauterbach kunngjere at post-vac er eit så mykje mindre problem enn post-covid?

Slik oppførsel fra øvste hald skaper ikkje tillit, det skaper mistillit. Og mistillit er det siste helseministeren treng med tanke på hausten.

Andre ferske artiklar i Berliner Zeitung om dette emnet.

Corona: Wie Impfschäden immer noch heruntergespielt werden
Patienten mit Impfnebenwirkungen: „Ich dachte, ich muss jetzt sterben“

 

Kjøp Alf R. Jacobsens politiske bombe «Stalins svøpe: KGB, AP og kommunismens medløpere» her!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.