Poesi

Stormen har vore her
og sopa boset av dørhellone,
natti er burte,
vindhanen illskrik,
folk undrar seg at husi stend.
Havet kasta på seg, spydde
nedsanda vrak på land,
skogane er på flog i lag med skyene,
eikene på Jæren la seg ende ned –
utreishuga ungdomar, og kallar som var litt av sjømenn,
siglde i sengene under kommando av MacWhirr.
Yver Viddi prøver ein bil å halda seg på vegen.
Sauedottar hakar seg fast attum steinane.
Inne i fjordane ventar dei med å tøma ut oska.

Olav H. Hauge Spør Vinden (1971)

Les også

Les også