Poesi

Kven var du under alle desse masker
like sanne som din morgenklåre song?
Og kva er sanning – diktning eller livet?
Kva kalla på din største skapartrong?

Kva sa du når herr Eckermann var ute
og skuggen var din eine stumme venn?
Og kva er skugge – livet eller døden?
I kva for brunnar dyppa du din penn?

Kva såg du når du løfe augnebrynet
til vinning for det store perspektiv?
Og kva er vinning – døden eller diktet?
Ditt største kunstverk? – Ikkje Faust. Ditt liv?

Åse-Marie Nesse Til ord skal du bli (1973)