Urørlege, som kalde skulpturar i taus trass
står hestane på det rimfrosne jordet
medan skumringa kvelvar seg over landskapet
og ei svart elv som surklar forbi.

Det tykkjest som den vinterfrosne roa
har teke bolig i hestekroppane
der dei stend med mulen mot bakken
og med underkua vyrdnad
bøyger seg for allnaturens mektige tidshjul.

Men dei har blikket retta mot vest
Der ein rosa himmel speglar ljoset sitt
i den koparraude og glinsande elva
der ho flyt mot den svinnande dagen
som skimrande bærer bud om eit anna liv.

 

Tilegnet Astrid Hjertenæs Andersen (1915-1985)

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene som vi skriver om. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.