Stiklestad

Peter Nicolai Arbo (1831-1892)

Vannfarger, skisse til illustrasjon for Billeder af Norges Historie tegnede af P.N. Arbo og ledsaget af en kort opplysende Text efter P.A. Munch, utgitt av Christian Tønsberg (1813-1897)

Den endelige litografi etter Arbos utkast.

Peter-nicolai-arbo-olav-haraldsson-dead

Snorres beretning om kong Olavs fall, i Steinar Schjøtts nynorske oversettelse fra 1900:

Kalv Arneson hadde tvo frendar; dei heitte Kalv og Olav og stod paa den eine sida hans og var store og modige karar. Kalv var son hans Arnfinn Armodsson og brorson hans Arne Armodsson. Tore Hund gjekk fram paa den andre sida aat Kalv Arneson. Kong Olav hogg til Tore tvert yvi herdane, men sverde beit ikkje, og de saag ut som de rauk dust av reins-felden. Dette nemner Sigvat. Tore hogg til kongen, og dei skifte nokre hogg, men sverde beit ikkje for kongen, der de kom paa reins-felden, men Tore vart saara paa handi. Kongen sagde til Bjørn stallar: «Slaa hunden, som ikkje jarn bit paa.» Bjørn snudde øksi i handi og slo med øksehamaren. Slage raaka Tore i oksli, og de var so hardt, at Tore skjangla. I de same snudde kongen seg mot frendane hans Kalv og gav den eine av deim, Olav, banesaar. Daa lagde Tore Hund til Bjørn stallar med spjote midt paa live og gav han banesaar. Daa sagde Tore: «Soleis stikk me bjørnane.» Torstein Knarrarsmed hogg til kong Olav med ei øks, og hogge kom paa den vinstre foten ovanfor knee. Finn Arneson drap strakst Torstein, men daa kongen hadde fengi dette saare, halla han seg upp mot ein stein og kasta sverde og bad Gud hjelpa seg. Daa stakk Tore Hund til han med eit spjot, og styngen gjekk upp under brynjo og rende upp i live. Daa hogg Kalv til han, og hogge kom paa den vinstre sida paa halsen; men folk segjer ymist um de var Kalv Arneson eller Kalv frenden hans som saara kongen. Kong Olav lét live av desse tri saari. Daa han var fallin, fall mest heile den flokken som var gjengin fram med kongen.

I følge tradisjonen fant slaget på Stiklestad sted den 29. juli 1030, som også er helgenkongens festdag i den katolske kirke. Så dette kan betraktes som en noe forsinket Olsok-markering.

Catholic Encyclopedia

ANNONSE
Liker du det du leser? Vipps noen kroner til Document på 13629