Kommentar

Frå april til september var store delar av den norske eliten ikkje i krig. Berre regjeringa og forsvaret var med – om enn med varierande evne og innsats. Eitt Noreg var i krig, det andre var det ikkje.

Juni-september 1940 er sjølve nullpunktet for Noreg under krigen. Stortinget forhandla då med okkupantane om å skipe eit riksråd som skulle inngå fred med Tyskland og styre Noreg. I realiteten ville dette bli som ei statskupp mot vår lovlege konge og regjering i London.

Først då tyskarane i september i staden valde seg Quisling til regjeringssjef var alle dei mange forsøka på politiske løysingar mislukka. Samarbeidslina var ved vegs ende, og det var tyskarane som avslutta den norske splittinga som byrja i april. Og gradvis vaks motstandskampen og motstandsviljen fram hos fleire. Fleire av medlemene av Administrasjonsrådet kom til dømes seinare med i Heimefronten si leiing.

For eitt Noreg var straks i krig. Med hjelp frå Kong Haakon sa den norske regjeringa nei til det tyske kravet 10. april om å innsetje ei regjering under Quisling. Erklæringa var som ei krigserklæring; den følgde opp ei nei frå dagen før om kapitulasjon. Regjeringa Nygaardsvold snubla seg over til England, men trass alt, ho enda på alliert side. Kongen si rolle her er velkjend.

Stortinget var med på ferda, eit stykke på veg. Dei møttes for siste gong på Elverum gav regjeringa rett til å «vareta rikets interesser og treffe de avgjørelser og beføyelser på Stortingets og Regjeringens vegne, som må anses for påkrevd av hensyn til landets sikkerhet og framtid.» Elverumsfullmakta var juridisk sett likevel ikkje nødvendig. Regjeringa kunne styre med basis i konstitusjonell nødrett. Men den var politisk viktig.

Men medan konge og regjering erklærte krig – og medan det norske forsvaret og våre komande allierte var i krig, ville Stortinget og den norske eliten raskt heller ha fred.

Det går berre nokre månader før Stortinget sitt presidentskap ønskjer å avsetje regjeringa, be kongen abdisere og setje grunnlova til side. Stortinget og Biskop Berggrav ville ha fred for ein kvar pris. Planen var å hente den treårige kronprins Harald heim frå Stockholm for å overta trona.

Stortinget sitt presidentskap skreiv til Kongen og gav han frist til 12 juli med å trekkje seg, av «hensyn til folkets velferd og landets fremtid». Som Tor Bomann-Larsen skriv, «Alternativet var statskupp».

Og det var ikkje berre Stortinget sitt presidentskap (C.J. Hambro var ikkje med) som førebudde statskupp i Noreg. Brevet hadde brei støtte i den norske eliten, skriv Bomann-Larsen i «Svaret»: «den hjemmeværende ledelsen for de politiske partier (minus NS og NKP), dessuten, arbeidsgivernes ledende menn, Arbeidernes faglige Landsorganisasjon og Administrasjonsrådets skyggekabinett» (Med Administrasjonsrådets skyggekabinett meiner B-L Administrasjonsrådet).

Mowinckel_omslag__4_

Foto: Ikkje berre Koht: Venstremannen Johan Ludwig Mowinckel fekk Stortinget med på nedrustning i 1932. I 1938 hadde Mowinckel fått med seg Stortinget på å vedta at Noreg i tilfelle krig skulle vere nøytralt, med mindre krigen hadde eit vedtak å stø seg på i Folkeforbundet.

Også medlemmer av regjeringen støtta brevet «…i det de Stockholmsbaserte statsrådene Mowinckel og Frihagen også fant å måtte advare mot Englandspolitikken». Venstremannen Johan Ludwig Mowinckel var kanskje den største forkjemparen for nedrusting og nøytralitet i Noreg. Han var arkitekten bak Forsvarsordninga av 1932 som mellom anna reduserte talet på militære avdelingar og personell. Forsvaret meinte etter dette at marinen «var uten kapasitet til å løse sine oppgaver i krise og krig», og at hæren «uten sammenligning var den slettest øvede og utstyrte i Europa», skriv generalmajor Torkel Hovland.

I 1938 hadde Mowinckel fått med seg Stortinget på å vedta at Noreg i tilfelle krig skulle vere nøytralt, med mindre krigen hadde eit vedtak å stø seg på i Folkeforbundet. Han blei vald inn i regjeringa på Elverum som representant for opposisjonen. To månadar seinare kritiserer han så si eiga regjering for å ha flykta frå landet. Det tek to år før Nygaardsvold gjer han avskjed.

Bundesarchiv_Bild_183-H25217,_Henry_Philippe_Petain_und_Adolf_Hitler

Foto: Et norsk Vichy. Norge kunne blitt et Vichy-land. Halvparten av Frankrike ble styrt fra byen Vichy, på tyskernes nåde, med den gamle krigshelten Phillippe Petain i spissen. Her møter han sjefen i oktober 1940. Utenriksminister Joachim von Ribbentrop til høyre gjør seg viktig. Skinnfrakker og imponerende luer. Nazistene visste å spjåke seg. Petain er en gammel mann. Rivalen Frankrike er ydmyket og Hitler trenger ikke understreke det. Han kan koste på seg en tilgjort vennlighet.

Eit land kan ikkje ha to regjeringar og to kongar, men det var akkurat det den norske eliten var på veg mot. Ville dette ha lukkast kunne vi fått ein borgarkrigsliknande situasjon. Det er ein svimlande tanke. Men ikkje unik. Frankrike var allereie i ein slik tilstand med sitt protyske Vichy-regime og de Gaulle med sine Frie franske styrkar i London. Resultata var mellom anna at britiske skip kom i strid med den franske marinen i operasjon Catapult. Ei rekke franske skip gjekk ned og over 1.200 mann med dei. (bildet)

catapult.operasjon

Dette var resultat av ein lang og brei prosess med stor støtte i den norske eliten alt frå første dag etter 9. april. Og der ute raste stormen allereie, og han var på veg hit.

I dag 75 år etter hugsar vi berre få og utvalde namn og hendingar. Dei fleste veit om Blücher og Oscarsborg, men kven har høyrt om HMS Glowworm, HMS Renown eller Kriegsmarines Lützow, Königsberg og Karlsruhe?

Medan Noreg med sine mange kystfort senka eitt skip, var Royal Navy i kamp ein rekke stader mot den tyske invasjonsflåten på veg mot Noreg. Dei senka fem destroyarar i Narvik og to tyske kryssarar (Königsberg og Karlsruhe) lenger sør. Lommeslagskipet Lutzow var så skadd at det måtte slepast tilbake til Kiel.

HMS_Glowworm

Dette kosta britane tre destroyarar og eitt blei kraftig skadd. HMS Glowworm (bildet) møtte til dømes den langt større kryssaren Admiral Hipper i eit heroisk men ujamt slag det berre var ein utgang på. Skipet sank med 105 mann. Kapteinen fekk Victoriakrossen posthumt som den første brite i andre verdskrig.

Dette var 8. april og dei tyske skipa var på veg til Trondheim. Kort tid etter passerte den tyske flåten dei tre forta Agdenes, Brettingen og Hysnes. Saman kunne dei sperre innløpet til byen. Trass fleire varsel vil ikkje kommandanten slå alarm, og dei tyske skipa kunne sigle trygt forbi. Til undersøkelseskommisjonen av 1946, uttalar kommandanten at «For å vinne tid måtte eg sinke tyskaranes fremrykning, og det var ingen annen utvei enn av all evne å søke å undgå å fremprovosere en forsert tysk fremrykning, med andre ord, så vidt mulig unngå å irritere tyskarane» (mi uthev.)

Seinare den dagen HMS Glowworm gjekk ned fall den første nordmann i krigen. Det var kaptein Leif Welding-Olsen på Pol 3, ei gamal kvalfangarskøyte, men som no var i nøytralitetsvakt ved Færder ytst i Oslofjorden. Vakta skimta mørke skuggar på veg innover. Dei skaut varselskot; sende så opp rakettar som varsla om invasjon før dei rente inn i sida på det eine skipet.

Den tyske torpedobåten Albatross kravde overgjeving. Kaptein Welding-Olsen nekta, og ei maskingeværsalve trefte han før han seinare blei borte i bølgjene. Han fekk St-Olavsmedalja med eikegrein – også han posthumt.

Dagen etter marsjerer fleire hundre tyske soldatar inn i Oslo sentrum i slutta orden – med norsk ridande politi i front. Dei skulle vel sikre at okkupasjonen føregjekk i ordna former. Politiet sin opptreden er ikkje eineståande, den er typisk for det Noreg som følgte nøytralitetslina heilt inn i krigen.

Det handla ikkje berre om dårleg utstyr, lite trening og få avdelingar. Her mangla forsvarsvilje. Garden kunne dermed ligge i stilling med ladde våpen og observere tyske tropper marsjere uhindra inn mot Oslo frå Fornebu fordi kommanderande offiser ikkje syntes han hadde klare ordrar. Men det var ikkje første og fremst i forsvaret ein mangla forsvarsvilje.

Aftenposten gir eit unikt innblikk i dei perspektiva på krigen som skulle prege samarbeidslina med tyskarane fram til september. Dei skriv i sin leiar 13. april under tittelen «Gjør ulykken minst mulig» at «overilede handlinger» berre vil skape problem.

”Mange påbud og restriksjoner er uundåelige under den fortvilede situasjon vårt land er bragt op i. Alene ved beslutsom ro og nøkternhet fra folkets side kan de begrenses. Panikk og overilede handlinger vil derimot øke deres antall og strenghet. Og derved er intet opnådd – annet enn skade for land og folk”.

Ikkje alle var einige med avisa. Tre sabotørar under leiing av Oluf Reed Olsen hadde den 13. april sprengt Lysakerbroa. Det var gode militære grunnar for ein slik aksjon. Brua var eit trafikk-knutepunkt mellom aust- og vest, og Reed Olsen hevda dei gjorde det for å ramme tyske styrkeoppbygging mot norske styrkar ved Sollihøgda, nordvest for Oslo. Aksjonen er og knytt til ei britisk oppmoding dagen før over BBC om å øydelegge tele- og vegsamband i landet.

Den vesle aksjonen fekk store konsekvensar. 15. april slår avisa stort opp eit opprop frå ei rekkje framståande personar som utrykkjer støtte til tyskarane sitt påbod om ikkje drive sabotasje. Dei ber folk om å “avholde seg fra enhver videre sabotasje – eller hver ødeleggelseshandling av hvad art nevnes kan…” Organisasjonar og samfunnsstøtter som skreiv under fyller fleire spalter.

Paal_Berg_OB.Z07063

Dommar i høgsterett Paal Berg (bildet), fylkesmann og straks leiar for Administrasjonsrådet, Ingolf Elster Christensen og biskop Eivind Berggrav gjekk saman ut i ei sending på NRK der dei skal ha beklaga hendinga og oppmoda folk til ikkje å gjere motstand, skriv historikaren Hans Fredrik Dahl. Dette skal så ha blitt sendt fleire gonger utover dagen.

Aftenposten sin leiar 16. april følgjer opp med en brutalt angrep på norske sabotører. Motstandsfolk er «tåpelige», «dårlige samfunnsmedlemmer», «egoistiske» og «forbrytere»:

«Der fins personer som fristes til å nære den falske forestilling at de ved å ofre sig selv for en nytteløs demonstrasjon eller handling (sabotasje), derigjennom viser sitt fedrelandssinn eller andre høiverdige egenskaper. Det kunde kanskje være riktig om man bare ofret sig selv. Men de ofrer også sine medmennesker og sitt folks interesser. Og da vise de bare at ved siden av å være tåpelige også er dårlige samfunnsmedlemmer, som av hensyn til egoistiske selvforherligelse begår en forbrydelse mot sine landsmenn ved å la dem lide for en overilet handling».

«Forbryteren» Reed Olsen flykta til Storbritannia og utdanna seg som flygar i RAF og var seinare slept ned som etteretningsagent for SIS i det okkuperte Noreg. I siste del av krigen dreiv han fundraising i USA for norsk gjennoppbygging. Etter krigen arbeidde han mellom anna i Flyvåpenet. På fritida var han sterkt engasjert i speidersaka og var styremedlem i Norges speiderforbund.

klekken

Rett nord for Oslo, den 15-16 april, på andre sida av Nordmarka ved Klekken og Ringkollen i retning Hønefoss, gjekk det føre seg ein av dei hardaste kampane så langt. Dette er dagen Aftenposten åtvarar mot ”å ofre sig selv for en nytteløs demonstrasjon”, medan norske soldater kjempar og fell noen få mil unna.

Helge Ingstad var ved Klekken. Forfattaren Frode Skarstein skriv om Ingstad sine opplevingar:

”Sykehuset på Hønefoss fylles snart opp av sårede tyske og norske soldater, og Ingstad gikk i gang med å organisere sykehusforholdene. Han måtte ta seg frem og tilbake til Oslo ti–tolv ganger for å få fraktet opp en kirurg, tretten sykepleiere og annet medisinsk personell, og «20 stk forskjellige benoperasjonsinstrumenter, andre instrumenter, skinner, bandasjesaker, tepper, pelser [og] båre». Neste dag henter de en mengde nytt medisinsk utstyr – rapportene lister opp utstyr av alle slag. De innreder en skole som sykehus, og øker kapasiteten til å ta imot sårede betraktelig.”

  1. april, dagen etter at Administrasjonsrådet er etablert, tar Aftenposten tyskarane i beste meining:

”Vi oppfatter det slik at Det tyske rikes befullmektigede ved dette skritt [oppnevnelse av Administrasjonsrådet] har villet vise at ledelsens hensikt er å stå i det best mulige forhold til folket”.

Rett ved sida av leiaren i Aftenposten står den tyske general von Falkehorst si erklæring som ender slik:

”Jeg minner om at personer som forvolder skade på samfunnsviktige anlegg straffes med døden”.

De var naturlig nok redde for sabotasje av sine lange forsynings og kommunikasjonslinjer. Aftenposten trur likevel at Falkenhorst vil det beste for landet. Kan avisa synke djupare enn dette?

nesse.johns

 Foto: Aftenpostens jefredaktør Johs. Nesse 1930-1941 og 1945-48. Guri Hjeltnes: Følelsene overfor Aftenposten, Norges største avis fra før krigen, med opplagsvekst og markedsekspansjon i krigsårene, var sterke. Som historikeren Jens Arup Seip sa det (1984): «Etter krigen tålte jeg ikke å se Aftenposten.» Etter freden kom krigen.

Dessverre, samarbeidslina til avisa blir den 22. april servil og krypande. Tyskarane har benåda nokre nordmenn som skal har brote folkeretten. Og folkeretten er norske aviser opptatt av, då som no. Så viktig er dette at avisen hyllar okkupanten for hans ”storhet”.

”Det norske folk har jo under de senere års konflikter bestrebt sig efter all evne for å stå på den internasjonale retts grunnlag. Og vi tviler ikke på at det fremdeles er folks ønske og vilje. Vi er derfor sikker på at nu når det internasjonale rettsregler for krigsførsel er blitt mer alminnelig kjent, vil ingen god nordmann mere krenke den.

Den tyske øverstkommanderende kan være forvisset om at benådningen ikke vil bli oppfattet som et svakhetstegn. Tvert imot. Bare den sterke har anledning til å gjøre slike innrømmelser.”

Aftenposten held så fram med ei skildring av den militære situasjonen. Angriparen blir framstilt som uovervinneleg, og øydelegging av infrastruktur vil difor berre ramme nordmenn sin tilgang på forbruksvarer:

”Vi som sitter i Oslo har vel mere enn nogen annen anledning til ved selvsyn å få et inntrykk av hvilke krefter tyskarane råder over og hvilke nye ressurser de daglig mottar. Nogen effektiv stengning synes det ikke å være tale om. Det man har å regne med er det som faktisk er kommet frem. Og det er overveldende.”

”Imidlertid utvides okkupasjonsområdet hver dag, men ødeleggelser av broer, veier og andre kommunikasjonsmidler vil efterhånden skape store vanskeligheter for utvekslingen av forbruksvarer innen området. Slik er krigens ødeleggelser”.

Det som skal vere ei skildring av ”Stillingen” under felttoget i Noreg er i realiteten ei klar melding om at motstanden ikkje nyttar:

”De alliertes motaksjoner synes ikke å ha ført til overtagelse av nogen av de besatte distrikter, like så lite som de hindrer nye tilførsler til de tyske tropper. Dette er stillingen etter snart to ukers motstand”.

Aftenpostens leder den 23. april fortsetter i samme stil. Den heter rett og slett «Tilpasning». Her står det:

”Vi håber at folket vil vise den evne til tilpasning som er en bydende nødvendighet under de rådende forhold”

valdres.1940

Same dag freistar britiske og lokale styrker å stanse tyskarane ved Tretten i Gudbrandsdalen, eit smalt pass ideelt for forsvar. Dei mangla ammunisjon og tunge våpen. Norske anti-tank-våpen slår ikkje gjennom tyske panserplater. Dei britiske styrkene er utmatta etter dagar med lite kvile og mat. Tyskerane med sine stridsvogner bryt gjennom. Halvparten av britene fell eller blir tatt til fange.

Dette er også dagen då tyskarane bryt gjennom enkle norske forsvarsstillingar ved Stanghelle, heimbygda til Aftenposten sin politiske redaktør Harald Stanghelle. Framrykkinga langs Bergensbanen held fram inn mot Voss. Fleire tyskarar fell. Ei hending av mange desse dagene.

kvam.1940

                                                                                                                                   Foto: Østerrikske bergjegere marsjerer forbi norske soldater som har kapitulert ved Kvam i Gudbrandsdalen.

Den 25. april ved Kvam opnar britiske styrker overført i hast frå Frankrike, og uten tyngre våpen og fly, eld mot dei tyske styrkane på veg nordover. Striden, den hardeste i Sør-Norge, varte halvanna døgn. På grunn av manglende flystøtte måtte britane trekke seg tilbake. De hadde 39 falne.

Den 26. april tek Aftenposten opp på leiarplass Rikskommisær Terbovens sin proklamasjon for dei besatte områda. Aftenposten omtalar proklamasjonen slik:

[Terboven] ”presiserer de hovedoppgaver han efter rikskansler Hitlers befaling har å løse for den tid okkupasjonen varer. Disse oppgavene er for det første oprettholdelsen av ro og orden og sikkerhet, samt trygging av det økonomiske og kulturelle liv.”

”Forutsetningen for at folkets byrder kan bli minst mulig, er at allmennheten lojalt og beredevillig følger rikskommissærens forordninger, heter det i proklamasjonen”

Avisa legg så til sitt eige syn:

”Denne appell fra rikskommissæren er i det vesentligste identisk med den appell som administrasjonsrådet og en rekke kjente kvinner og menn og organisasjoner tidligere har offentliggjort, og som vi på det varmeste har anbefalt til efterfølgelse. […] Vi går derfor ut fra at befolkningen vil følge rikskommissærens appell i samme ånd som Administrasjonsrådet.”

”Vi befinner jo oss under nødvendighetens lov, som tilsier oss all å medvirke til at folket ikke påføres unødige ulemper og lidelser.”

”Nødvendighetens lov” i Aftenposten er ikkje den samme som den «nødvendighetens lov» som gjeld for soldatene i Trønderbataljonen i general Fleischers 6. divisjon som dagen før etter ein hard marsj over fjellet i uvær blei kraftig maltraktert av tyske styrker i Gratangen, Troms. 34 fall, 64 såra og 180 blei tekne til fange. Hospitalskipet Dronning Maud som låg ute i fjorden blei bomba av tyske fly og sank, omlag 20 døydde. Kva ville soldatane tenkt om dei las Aftenposten? Kven sine ”lidelser og ulempe” snakkar redaktøren om? Og ”lojalitet”, til kven?

gratangen.roald.nilstun

Foto: Sterke motsetninger og ulike oppfatninger av virkeligheten i Oslo vs resten av landet. En 22 år gammel fenrik, Roald Nilstun, ledet en mitraljøsetropp ved Narvik. Han ble utkommandert 9. april. Nilstun skrev en dagbok som først nå er kommet for en dag. Det gjorde sterkt inntrykk å se bildene av tyske soldater på Karl Johan, med ridende norsk politi foran.

Tyskerne hadde hatt et slags depot mellom blokkene og etterlatt seg en del materiell, maskingeværammunisjon, men ingen våpen, et spritapparat og noen kokekar. Kristoffersen hadde funnet et tysk billedblad. Vi sto der og trodde ikke det vi så. Det kunne ikke være mulig. Ren tysk propaganda. Men der i bakgrunnen var slottet i Oslo. Tyske soldater på marsj nedover Karl Johan. Norsk ridende politi foran og på fortauet sto voksne mannfolk med dokumentmappe. De bare sto der og gjorde ingen ting. Datoen under var 9. april. Der var mere. Omringet av sivile spilte et tysk militærorkester og voksne norske mannfolk sto der som om det var 17. mai! På et gatehjørne like ved universitetet sto en tysk vaktpost med maskingeværet skuddklart i stativet. Også der, voksne mannfolk med dokumentmappe. Og her hadde vi nå snart i to måneder ligget i denne forbannede snøen, fulle av lus, livredde, frosset inntil beinet og drevet de tyske styrkene tilbake, sett kamerater bli drept, såret, begravd lik og hestekadaver. jeg sto der og så på bildene. En uendelig forlatthet grep tak i meg. Jeg kjente at tårene ville presse seg frem. Det kunne ikke være sant. Det ble stille. Ingen sa noe. Så kom det på ramsalt nordnorsk: «De helvetes søringan!» Forlatt av Gud og med bare Døden som følgesvenn.

Aftenposten gav Terboven og Hitlers forordning si fulle støtte, ikkje eit kritisk ord. Tvert om spelte dei Terboven og Hitler sitt spel og la avisa si eiga tyngde til proklamasjonen som dei til sist omtalar som som ein ”appell”. Terboven proklamerer at han tek over ”hele den civile myndighet i de besatte norske områder”. Det er ingen «appell». Aftenposten omskriver til eit mjukare språk tilpassa det norske ønskjer om ei god politisk løysing på okkupasjonen. Lesaren blir skjerma.

terboven

Foto: Navnet Joseph Terboven har fortsatt en spesiell klang. Man trenger bare studere blikket og munndraget til rikskommissæren så forstår man hvorfor.

Aftenposten som i leiaren tek opp att så og seie ordrett ordlyden i proklamasjonen hoppar over ei av oppgavene til Terboven som er ”tilveiebringelsen av alle forutsetninger for de militære behov som er nødvendige i et land hvor det mot den tyske riksregjerings vilje beklageligvis ennu må kjempes”. Det er neppe tilfeldig. Det betyr at folket skal bidra med de «forutsetninger» som tyskarane treng i kampen mot norske styrkar. Terboven ber om medløperi.

Aftenposten i sin leiar kommenterer ikkje dette men går ”ut fra at befolkningen vil følge rikskommissærens appell i samme ånd som Administrasjonsrådet.”

Det er ikkje det at avisa ikkje veit kva som skjer. Same dag har ein journalist vore i Drammen ved ei gravferd til tre norske soldatar. ”Det hvilte en gripende høitid over Drammen idag. En lett vind bølget flaggene i vårsolen, men de var på halv stand”. Dei tre døydde under kampane på Jevnaker om lag samstundes med når avisa på leiarplass den 15. april skriv: ”Der fins personer som fristes til å nære den falske forestilling at de ved å ofre sig selv for en nytteløs demonstrasjon eller handling (sabotasje)…”.

Medan Aftenpostens redaktør skriv om ”tilpasning” leier General Fleischer den einaste større offensive operasjonen i Norge under krigen. Dei gjenerobra til sist Narvik med åtte infanteribataljoner (8-10.000 mann) sammen med minst like mange polske, franske og britiske styrkar. Det var eit anna Noreg.

I dei same vekene i april heldt drygt 200 soldater heroisk stand på Hegra festning mot tyske Gebirgsjägere i 20 dagar. Det var snø, slaps og kaldt. Seks norske døydde. Mellom 150-200 tyske soldatar var skadde eller drepne då nordmennene overga seg etter først å ha sunge nasjonalsangen saman for siste gong.

Dei tyske styrkana var støtta av Luftwaffe som opererte ut frå Værnes. Flyplassen var satt i stand i all hast ved hjelp av norske arbeidarar på oppmoding frå fylkesmann Johan Cappelen og ordfører Ivar Skjånes. Oslo kommune gjorde det same for tyskarane på Fornebu. Fly blei ikkje berre brukt til å bombe Hegra festning, men til å forsyne tyskarane i Narvik. 1000 tyske falskjermjegarar skal har vore slepte ved Narvik frå Værnes.

General Ruge skriv i «Krigens Dagbok»: utbyggingen av blant annet Værnes «betydde større muligheter for det tyske flyvåpen, som heretter uavbrutt bombet veier, jernbaner og de mulige utskipnings­havner, Åndalsnes, Molde, Kristiansund, og trafikken på disse havner. Det var allerede klart at den britiske hjelp ikke ville komme i det tempo som var lovet. Den tyske bombing hadde gjort transportvanskelighetene for store.»

Dombås blir bomba av tyske fly men britiske soldater kjem likevel dagen etter frå Åndalsnes og går i stilling. Samtidig var det kamper ved Voss, i Gudbrandsdalen og en rekke andre steder.

Medan norske styrker framleis er i kamp i eit felttog som nettopp har starta, og medan avisene enno ikkje er underlagt ein formell sensur, skriv avisa på leierplass at motstand er ”egoistisk selvforherligelse” og ”en forbrydelse mot sine landsmenn”.

Dette er dagen etter at Hærens Overkommando gir ut sitt Direktiv 22 om opphaldande strid på Austlandet til alliert hjelp kjem.

Dette er landet som etter krigen fradømte tyskvennlige sykepleiere i tyske Røde Kors, som den åttenårige Hanna Kvanmo, sine statsborgarlege rettigheiter i ti år. Norge var det einaste landet i Europa som dømde folk berre for medlemsskap i eit nazistisk parti. Eliten sine menn som konspirerte mot vår konge og regjering sommaren 1940 gjekk fri.

Det er skamma, at Norge etter krigen kravde så mykje av desse, men så lite av seg sjølv.

Mowinckel, kanskje meir enn Nygaardsvold, illustrer den reisa den norske eliten tok frå nøytralitetspolitikk til så å seie bli medansvarleg for eit planlagt statskupp. Krigen er ein kniv ingen kan balansere på eggen av lenge, sjølv ikkje Mowinckel.

Kven skulle dømme etter krigen? Eliten frå Høgsterett til Storting og regjering hadde svikta. Regjeringa nekta å mobilisere då generalstaben ville det den 5 april. Stortinget ville avsetje konge og regjering. Høgsterett insette Administrasjonsrådet i samarbeid med okkupantane allereie 15. april, medan det var kamper i Noreg heilt fram til kapitulasjonen 10. juni. Administrasjonsrådet var med å sikre at produksjon og arbeid starta opp igjen ved Kongsberg våpenfabrikk og marineverftet i Horten. Ikkje minst gav dette samarbeidspolitikken legitimitet.

Korleis kunne alt dette skje? Aftenposten viser gjennom sine leiarar og oppslag kor brei samarbeidslina var, kor djupt den stakk og kor stor uviljen mot militær motstand var – og først og fremst kor totalt framand Noreg var for realitetane i ein krig.

Og avisa er ikkje aleine. Ein finn liknande haldningar i mange redaksjonar, men sjeldan like grove som hos Aftenposten. Men så er det ikkje berre denne avisa, eller den og den politikaren, det er eit heilskapleg bilete.

Kanskje var det godt meint, truleg var det også det. Uansett motiv, dei svikta Noreg då det gjaldt, og det verste var at landet ei tid styrte mot statskupp og i verste fall borgarkrig. Det veit vi ikkje, men etter krigen ville vi blitt eit delt land. Det hadde skapt eit større sår i nasjonen som vi hadde kjent den dag i dag. Korleis dette kunne skje handlar ikkje om den svake militære førebuinga – dette er alt symptom på noko langt viktigare. Og det oppgjeret fekk vi aldri.