Ein egyptisk domstol har i dag erklært Hamas for ein terrororganisasjon, skriv BBC. Dei meiner Hamas er med å støtte væpna oppstand på Sinai-halvøya.
«It has been proven without any doubt that the movement has committed acts of sabotage, assassinations and the killing of innocent civilians and members of the armed forces and police in Egypt,» Judge Mohamed el-Sayed said, according to state news agency Mena.»
Dette er eit skifte i politisk kurs sidan Egypt ved fleire høve tidlegare har mekla mellom Hamas og Israel. Ikkje minst er dette eit nederlag for USA sin politikk i regionen. Obama har for kort tid sidan hatt møte med ein delegasjon frå Den muslimske brorskapen (som trass alt Hamas er ein palestinsk underavdeling til). Dette vekte oppsikt i Egypt.
Obama sin politikk liknar den norske posisjonen til den raudgrøne regjeringa og Jonas Gahr Støre med sin dialog med Hamas og Brorskapen – og Hamas sin støttespelar, Tyrkia.
Egypts leiing legg seg med dette på linje med Israel. Dette handlar neppe berre om Hamas. Dette er del av eit større bilde der Egypt truleg deler fleire av Israel sine perspektiv i Midt-Austen. Først og fremst er nok Egypt like redde for at Iran vil få atomvåpen. Dernest er begge djupt frustrerte over Obama-administrasjonen.
Egypt skil med dette dessutan lag med Tyrkia og Qatar som no står attende som Hamas sine viktigaste støttespelarar.
Dette utspelet kjem rett før det Israelske valet, og det vil utan tvil styrkje Netanyahu. Isolasjonen av Hamas har no regional støtte. Det er nok også eit døme på at Netanyahu har regional støtte for ei hardare line mot Iran. Egypt sitt signal vil kunne svekkje Obama-administrasjonen sin Midt-Austen-politikk midt i dei viktige og avsluttande forhandlingsrundene med Iran.
Egypt sitt utspel er også pinleg for Europa. Det er berre nokre månadar sidan EU-domstolen fjerna Hamas frå EU si terrorliste. Netanyahu kommenterte saka den gong slik til BBC:
Responding to the ruling Israeli Prime Minister Benjamin Netanyahu said Hamas was a «murderous terrorist organisation» which should be put back on the list immediately.