Kommentar

Børge Brende deltok nylig på eit seminar om fredsprosesser og terrorbekjempelse i regi av Det norske fredsforskningsinstituttet (PRIO) og iranske IPIS – i Iran. Det har vi høyrt lite om. På nettsidene til PRIO er det taust. Vi blir godt informert om kvart seminar dei elles arrangerer. Heller ikkje eit ord i norske media. Berre ei lita referanse i ei pressemelding frå UD.

Deltakinga til eit forskningsinstitutt som PRIO er klassisk soft policy initiativ (jf FAFO og Oslo-prosessen). At Brende er med, viser at dette er del av ein plan. Kva plan?

iran.hussain.rohanifoto: Irans president Hassan Rohani, som ikke lenger er like populær i Vesten. Resultatene lar vente på seg.

Det kunne vere interessant om vi fekk vite kva UD og PRIO ville med seminaret – ikkje minst sidan Iran er rekna for ein av verdas største bakspelarar for ulike terroristar frå Jemen, Irak, Syria og Libanon m.m. om lag på linje med ISIS i brutalitet, men berre vel så godt strategisk plassert. Eit terrornettverk snart med atomvåpen i bakhand?

Sidan Harpvikens PRIO er ofte gjest som kommentator i det norske ordskiftet om krig of fred med meir, skulle det vore interessant å vite kva bodskap dei hadde til Iran. Vi veit til dømes at PRIO er sterkt engasjert i «gender, peace and security» … For ei lukke at dei endeleg fekk ein talarstol i Tehran. Eller glapp kjønnsperspektivet ut av programmet?

Børge_Brende_at_the_World_Economic_Forum_on_Africa_2008

Er det kanskje slik at Brende legg seg på hjul etter Obama-administrasjonen som no har ein «atom- avtale» med Iran som førsteprioritet, som fleire fryktar – før omsynet til Israel, Egypt, Syria, Golf-statane i Midt-Austen – og slik få Iran med på eit samarbeid mot ISIS? På lag mot ein terrorist saman med ein annan…?

Er Noreg med på dette? Og kvar er diskusjonen?

Vi har vore der før. Jonas Gahr Støre tok oss utan mykje debatt med på ein tenkt allianse med Tyrkia – ein «moderat» islamist. Opplegget var som i Iran. Utanriksminister Gahr Støre fekk til ein avtale med Tyrkia om eit samarbeid innan fred og forsoning – ikkje noko mindre. Fred og forsoning. Dette var i 2011. JGS uttalte at «Norway and Turkey enjoy excellent bilateral relations, and there is considerable potential for expanding our cooperation”». «Excellent», altså. Og medan Erdogan viste seg som autoritær og aggressiv blei det sikkert gjort mykje godt arbeid innan fred og forsoning …

Erdogan

Utviklinga hos Erdogan (bildet) har vist kor uklokt og umogleg dette var. Skal no denne vår nye utanriksminister frå Davos ta oss inn i eit tettare samarbeid med ein annan regional stormakt, Iran?

Brende bør sjekke stemninga i USA og Midt-Austen: Obama er ein vinglefant (approval rating i fritt fall). Han følgjer ikkje opp sine lovnader (de hugsar at bruk av kjemiske våpen i Syria var ei raud line?), han står ikkje fast ved sine vener og allierte (Israel, Egypt…). Han er alltid på etterskot. Det er under Obama at Putin tar steget ut, erklærer og viser at han ingen omsyn vil ta. Han leser Obama godt.

Dei få stabile regima i Midt-Austen veit knapt kva dei kan vente seg frå USA lenger. Å flørte med Iran – den store destabilisatoren, eksportøren av islamistisk revolusjon og terror, bakmann for den eine parten i den store sekteriske (30-års-? ) krigen i den muslimske verda – medan administrasjonen i Det kvite hus kallar Israels statsminister (og tidlegare offiser i spesialstyrkane!) «chickenshit» (feiging), er uttrykk for noko fundamentalt galt i den utanrikspolitiske strategien. Dette signalet forstår leiarane i MA godt. Brende bør passe seg for å legge seg på hekkbølgja til Obama.

Regjeringa skulle hatt ein meir realistisk orientert utanriksminister. Og media skulle hatt meir interesse for korleis vi brukar vår utanrikspolitiske kapital.