Det er illevarslande når politikarar og redaktørar tek til å ville stramme inn på meiningsmangfaldet i aviser og sosiale media.
Ytringsfridomen er grunnlaget for eit levande demokrati. Då krevst det at flest mogleg av innbyggjarane får høve til å vera med i meiningsbrytingane. Samfunnsordskiftet – i polerte eller meir endeframme former – må ikkje forfalle til eit virkeområde berre for innvigde.
Når eg i dag ser på det såkalla kommentariatet i media, slår det meg at situasjonen liknar på eit akvarium.
Den interne kommunikasjonen i eit akvarium er ei gåte for utanforståande. Som tilskodar ser ein vakre og fargerike skapningar som glir og glinsar elegant omkring. Frå utsida er det alltid spanande å sjå om det finst visse trafikkmønster der inne. Skapningane ser ut til å trivast; dei er jo på utstilling, blir beundra, har det sytelaust, eit trygt liv og kan leva lenge i landet. Dei er innvigde.
Dei som tilhøyrer «the chattering classes» har argumentasjonsmakt og innverknad, der dei flyt i og mellom medieredaksjonar, parti og institusjonar, lobbyapparat og statsfinansierte organisasjonar.
«Skravlarane» i lauget skriv og pratar, og harselerer gjerne med dei som står utanfor med eit anna syn. Skal du som utanforståande amatør nå fram i feltet, må du ha dei riktige meiningane.
Nåde den som då ikkje er PPK (progressiv politisk korrekt)! Mange på venstresida reknar seg som meir moralsk høgtståande enn andre, både i spørsmål om Midtausten, flytande kjønn, klima, økonomi, «rettferdig» skatt og fordeling.
Agendaen i samfunnsordskiftet vert sett av avgrensa elitar i akademia. Medieredaksjonane syter for tidskorrekt vinkling av stoffet.
Eit nytt urovekkjande trekk i dette tiåret er at avvik frå PPK ikkje lenger blir møtte med røynleg argumentasjon, med med bekymringsmeldingar og åtferdskorrigering.
Den ungarsk-amerikanske psykiateren og samfunnskritikaren Thomas Szasz skreiv om The Therapeutic State alt førti år sidan. Hans åtvaringar viste seg profetiske: Når staten i samfunnsdebatten smeltar saman med psykologien, oppstår det ein ny og farleg praksis. Der den demokratiske staten brukte fengsel for å straffe syndarar, brukar den terapeutiske staten diagnoseverktøy som bevisstgjering for å kurere avvikarane. Når dagens departement og statlege direktorat er misnøgde med motbør i folkeopinionen – til dømes aukande kritikk mot Pride, eit årleg maraton – blir ikkje dette sett som alternative verdistandpunkt, men snarare som eit mentalt folkehelseproblem.
Dersom du er kristen, konservativ eller senter, og har haldningar som avvik frå staten, byråkratiet og media sine hovudnormer, blir det i diagnosen registrert som fordommar eller fobiar. Konservative talsmenn blir ikkje lenger anerkjente som rasjonelle aktørar med andre verdiar, men heller sett som pasientar.
Slik blir behovet for open og reell demokratisk debatt gradvis fjerna. Offentlege instansar skal jo ikkje diskutere politikk med pasientar; dei skal behandlast.
Før eit slikt statleg terapeutisk tyranni får feste seg her heime, er det viktigare enn nokon gong å streka under at sant demokrati krev open og fordomsfri debatt. Det må bli større deltaking frå dei mange, og ikkje berre på valdagen!
Det manglar ikkje på tema som kan løyse ut større engasjement hjå folk: økonomi, energi og klima («grønt skifte» og struping av lønsame arbeidsplassar); kjøpekraft (lureriet med større tal som blir stadig mindre verdt); innvandring, islamisering og trugsmål mot norsk kultur og levemåte (jf. asyl og den demografiske utviklinga); avkristning av landet (jf. verdirelativisme og statsnormativt mangfald); brautande hedonisme; aukande vald og kriminalitet, osv. Pluss full kappestrid om kva som er «riktig tidspunkt» for start og slutt på menneskelivet.
Men folk flest held seg borte frå det offentlege ordskiftet. Om dei ikkje når inn i akvariet, gjer dei seg heldigvis eigne tankar. Attåt røystesetelen brukar mange det pusteholet som heiter sosiale media. Her har dei tradisjonalistiske motkreftene i samfunnet nokolunde armslag i eit medium som sosialistane enno ikkje har fått kontrollen med.
Hallgrim Berg
