Østerrikes statsminister Sebastian Kurz på østerriksk TV den 8. mars 2020. Stillbilde: ORF.

Etter at den austerrikske kanslaren Sebastian Kurz på Twitter (laurdag) i knallharde ordelag kritiserte Tyrkia både for «innsatsen» i det austlege Middelhavet og den tyrkiske migrasjonspolitikken, let responsen frå Tyrkia ikkje vente på seg.

Utanriksminister Mevlüt Cavusoglu repliserte (på same plattform) med at Kurz fører ein «fråstøytande politikk basert på rasisme, framandfrykt og islamofobi».

Og han heldt fram: «Kort fortalt er ideologien hans den største trusselen mot EU og EU sine verdiar».

Kurz var også krystallklar på at EU ikkje skal finne seg i å verte trua og pressa av president Erdogan, og at «full solidaritet med Hellas og korrekt vern av EU sine ytre grenser, straks må innførast.»

 

Førebels sist ut i debatten er Austerrike sin utanriksminister, Alexander Schallenberg.

Og han legg heller ikkje fingrane imellom i går i Kronen Zeitung:

Dette er ikkje ein politikk basert på rasisme eller islamofobi, men ei konsekvent understreking av – og påminning om – dei verdiane EU byggjer på og som garanterer vår stabilitet og velstand. Det faktum at nokre tyrkiske politikarar ikkje forstår skilnaden, syner på nytt kor langt Tyrkia har fjerna seg frå Europa dei siste åra.

Siste ord er neppe sagt.

 

Bestill Douglas Murrays bok “Europas underlige død” fra Document Forlag her!

Kjøp Sammenstøt mellom sivilisasjoner? her!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.