Innenriks

Solberg meiner sjølv det er fordi «Helsekøene er på vei ned, vi behandler flere, vi bygger flere veiar og vi er i gang med en omstilling av økonomien» at ho no er populær som statsminister, skriv NRK.

Vel …. NRK klarer det kunststykke ikkje å nemne aysylsaka som mogleg forklaring, sjølv om det store skifte i popularitet for Solberg skjedde nettopp i januar. Det er godt gjort av NRK. I same perioden fell Jonas Gahr Støre sin popularitet tilsvarande. Kan dette vere grunnen til at journalisten ikkje vil pirke i årsakene?

Alle forstår at det er innvandringssaka. Når Solberg etter ein slik vinter difor ikkje sjølv nemner asylkrisa som årsak, så er det sjølvsagt fordi ho ikkje vil knytte sin eigen framgang for sterkt til dette politikkområdet. No legg ho seg bak Listhaug. Og ho ser det fungerer.

Det nye er at ho no er godt nøgd med å ligge i kjølvatnet til ein FrP-statsråd i asylsaka og at ho der har funne ein parhest ho ser ut til å ha full tillit til. Her er det smidd ein strategi for regjeringa på innvandringsområdet for første gong. Dette politikkområdet var regjeringa sin akilleshæl. No er det håp for 2017.

Sjølv, derimot, held Solberg innvandringssaka på avstand. Som leiarstrategi for ein koalisjon i eit aggressivt debattklima kan dette fungere bra. Ein leiar treng ikkje gå i front, men må følgje tett på.

Les også

Religion irrelevant? -
Konspirasjonen -
Norge går mot høyre -
Alea jacta est -
Erna Solbergs dømmekraft -