Kommentar

Putins krig i Ukraina handlar om mykje meir enn Krim og Ukraina. Russlands president ønskjer å endre den internasjonale orden i Europa. Vi er i ein heilt ny situasjon, skriv Estlands president, Toomas Hendrik Ilves i The Interpreter.

«And in the whole process – not only the Anschluss of Crimea, but also the war in East Ukraine and the rhetoric that goes with it, the intimidation of other neighbors and threats addressed to “the West” at large — show that there is an ongoing attempt to create a new international order where the old rules, the rules that have been at the basis of the international relations from Vancouver to Vladivostok, no longer apply.»

Også den norske forsvarsministeren har merka seg dette når ho kommenterer at «destabiliseringen av områdene i øst er et sannhetens øyeblikk i europeisk sikkerhetstenkning». Det er dette krisa i Ukraina handlar om.

Det er difor ei fundamental feilvurdering å sjå krisa i Ukraina isolert, likevel er dette perspektivet svært vanleg. Sjølv Asle Toje meiner væpning av Ukraina er å «helle bensin på bålet» og ser det ikkje i samanheng. For dersom Estlands president har rett, og Ukraina er ein brikke i Putins strategi, er det å ikkje væpne Ukraina det same som å la brannen få herje. For «why would he stop in the face of weakness»? som Simon Tisdall i The Guardian nyleg skreiv.

Problemet er at Putin har funne ein måte å omgå artikkel 5 i Nato (ein for alle/alle for ein). Doktrinen heiter «hybrid krigføring». Ein brukar kriminelle nettverk, provokatørar, etniske minoritetar, spesialsoldatar, propaganda, energipolitikk (gass), trugsmål m.m. Det kjem ikkje ein russisk panserdivisjon rullande inn i Latvia, det vil utvikle seg gradvis slik at eit veikt Nato aldri vil ha ein klar artikkel 5-situasjon før kostnaden er for stor.

Den tidlegare generalsekretæren i Nato, Anders Fogh Rasmussen sa det nyleg slik i britiske Daily Telegraph:

The fear is that the Kremlin will generate a murky conflict in Estonia or Latvia where there are large Russian minorities, using arms-length action or “little green men” without insignia to disguise any intervention. This may tempt weaker Nato members to play down the incident, either to protect commercial ties with Russia or because of pro-Kremlin sympathies as in Hungary or Greece.

Det er heller ikkje okkupasjon Putin ønskjer. Målet med situasjonen i Ukraina, som i Abkazia og Sør-Ossetia i Georgia, er å skape ein «frossen konflikt». «The point is to prevent the emergence of anything resembling a prosperous, European Ukraine, because such a state would pose an ideological threat to Putinism», som Ann Applebaum skriv.

Ho meiner diskusjonen om våpen lett blir ei avsporing. Det Ukraina treng er ein «mur» mot dei russiske seperatistane og ein langsiktig strategi «to reinforce Ukrainian statehood and integrate Ukraine into Europe over many years.»

Det viktigaste er å erkjenne, som russlandskjennaren Andrej Piontkovskij skriv, at «few understand what Putin is doing in Ukraine is part of a much broader and more threatening scenario and that he will have to be stopped at some point.» Slik sett er situasjonen i Ukraina allereie komen for langt. Donbass er tapt. Væpning dreier seg om å berge resten av Ukraina frå yttarlegare svekking og eventuell samanbrot. Piontkovskij meiner difor vi må væpne Ukraina, stramme sanksjonane, sikre Baltikum og håpe på eit «palasskupp» i Kreml.

Kva står i overfor? Piontkovskij trekkjer parallellar til 30-talet og Nazi-Tyskland, og med god grunn. Og han er ikkje aleine.

Slektskap med Hitler

Jan Fleischhauer skriv i Spiegel i fjor at Putin er meir i slekt med fascismen enn kommunismen, og ber folk lese kva Putin faktisk seier. Det finst ein slektskap.

Putin har eit ønskje om revansj etter Sovietunionen sitt nederlag i Den kalde krigen. Dette er eit motiv som liknar Adolf Hitler og nazistanes sitt ønskje om revansj etter Den første verdskrigen. Sentralt i talane til Putin står dessuten frykten for å bli ringa inn, skriv Fleischhauer, og viser til talen Putin heldt i Duma i mars i fjor:

«They are constantly trying to sweep us into a corner because we have an independent position, because we maintain it and because we call things like they are and do not engage in hypocrisy»,

og i eit TV-intervju i april:

«There are enough forces in the world that are afraid of our strength, ‘our hugeness,’ as one of our sovereigns said. So they seek to divide us into parts.»

Denne ideologien til Putin er kanskje den mest underrapporterte dimensjonen i denne konflikten. Også forsvarsminister Søreide har sagt at «Vesten ikke har hørt godt nok etter når Putin har snakket de siste årene». Russland har endra seg under Putin, ein ny ideologi rår grunnen. Sosialisme og kommunisme er fjerne minner.

Etnisk og ortodoks nasjonalisme

kremlin_and_st._basils

Putin har eit antitetisk tilhøve til Vesten, spesielt til USA. Russland skal representere eit motstykke, ein alternativ veg. Vesten er i forfall medan Russland vernar om si russiske sjel og sin historiske lagnad.

Det er det moderne Europa han avskyr, ikkje den europeiske sivilisasjon. Putin ser Russland som ein del av denne sivilisasjonen, men vår kultur i Vest er degenerert. Fra Moskva skal det kome ei fornying, for heile Europa.

Putins nasjonalisme er difor ikkje eksklusiv etnisk. Den ortodokse kirka har til dømes fått ein prominent plass i russisk liv dei siste åra, skriv historikaren Mara Kozelsky i Washington Post i mars i fjor.

The close relationship between Russian church and state is everywhere evident, from the persistent refusal to allow the pope onto Russian soil, the ejection of the Salvation Army from Moscow in 2001 and the subsequent restrictions placed on Protestant missions.

Mange har peika på at Putin nok ønskjer revansj for Sovjets fall, men eigentleg hentar han inspirasjon frå tida før 1917. Likskapen med tsarrussland er slåande. Kozelsky skriv:

As Western governments separated church from state, Russia moved in the other direction. Nicholas I (1825-1855), the Tsar famous for suppressing the Hungarian Revolution and fighting the Crimean War, summarized Russia’s church-state identity in the phrase “Orthodoxy, Autocracy, Nationality.” This trinity became the guiding concept of Russian national identity through the Russian Revolution of 1917.

Døma på dette er mange; Putin sin forakt for parlamentarismen, pressefridom, for minoritetar og homofile … eller referansane til ei «russisk verd» og til koblinga mellom jord, blod og nasjon, slik som i Putins tale til Dumaen før jul om annekteringa av Krim:

«Because our people live in the Crimea, and the territory itself is strategically important; because it is here that is found the spiritual source of the formation of a multifaceted but monolithic Russian nation and a centralized Russian state.»

Putin ser no på seg som ein kristen konservativ førar – som sjølv om han skal ha revansj for kommunismens fall, så er symbolismen meir i slekt med Tsar-Russlands tanke om Moskva som eit «tredje Roma». Putin held fram:

«Christianity proved to be a powerful spiritual unifying force that helped include very different blood tribes and tribal unions of the extensive eastern Slavic world in the formation of a single Russian nation and the creation of common statehood. And it was on this spiritual soil that our forefathers for the first time and forever became conscious of themselves as a single People.»

Putin er «on a mission from God». Putin refererer til ei «russisk verd», og denne verda har si sjel og sin lagnad, si Historie og som Putin seier over: dei er «eit Folk» – med stor bokstav! Og dette Folket har sine heilagdomar, her, framleis i sin tale til nasjonen:

«And this gives us the grounds to say that Crimea, ancient Korsun, Chersonesus, and Sevastopol have enormous civilizational and sacral importance for Russia. Like the Temple Mount in Jerusalem is for those who believe in Islam or Judaism. And that is how we will relate to it from now and forever «.

Ein europeisk redningsmann?

Putin er difor open i sitt vern av den kristne arven og den europeiske sivilisasjonen. Og han har tilhøyrarar i Europa. Og det veit han. Her frå eit innringingsprogram med Putin i studio som svarar:

«…this world, the whole of Europe, as I said, from Lisbon to Vladivostok, should unite to be competitive and viable in the rapidly developing world. This is an extremely important circumstance. I hope that our partners will hear and understand us.»

Dette er ikkje berre eit uttrykk for Moskva som «det tredje Rom», arvtakar til Romerriket og Bysants, det er ein invitasjon til krefter i Europa, spesielt godt ute på høgresida. Parti både i Hellas, Ungarn og Frankrike er no sjarmert av Putin. Leiaren for det franske Nasjonal Front, Marine le Pen skulda i fjor EU for å starte ein ny «kald krig med Russland». Dei styrka banda mellom Hellas og Russland er eit anna døme.

Norske konservative kristne røyster, som Hanne Nabintu Herland har andre motiv men er også sympatisk til Russlands sak og deler nokre perspektiv på verda. Ho løftar fram Naom Chomski sin kritikk av USA som ein ettpartistat; ho kjem med flengande kritikk av Nato sin «aggressive politikk» i Libya, og USA sine «atrocities in the Middle-East» – og, med referanse til Ukraina, skriv ho:

 «Jeg støtter  tidligere tysk rikskansler, Gerhard Schroeder og tyske intellektuelles samt filmskaperes opprop mot USAs krigshissing  og press mot Europa i vår tid.»

«USAs krigshissing  og press mot Europa i vår tid», skriv ho. Ikkje noko mindre enn det.

Ein annan aktør, frå eit anna hald, som er sympatisk til Russland er redaktør Braanen i Klassekampen (4. februar 2015): Det er Nato som er aggressive mens det «etter alt å dømme finnes det ikke regulære russiske tropper i landet», og:

«Kreml arbeider på sin side målbevisst for å hindre at Ukraina blir med i Nato, noe som oppfattes som et forsøk på militær innringning av Russland.»

Mange ser ulike sider ved Europa sitt forfall, og somme trur visst ei fornying kjem frå aust. Det er ei katastrofal feilvurdering. Russlands fiende er det liberale demokratiet og det opne samfunnet – og ikkje å gløyme Nato og USA si rolle i Europa. Nei, vår kulturkrise får vi ta hand om sjølve.

Storrussland, Hitler og Baltikum

«Ei russisk verd» er ikkje berre andeleg, dessverre, den er territoriell og etnisk: Den «russiske verda» betyr at russiske minoritetar utanfor Russland sine grenser er eit ansvar for Moskva og dermed eit trugsmål mot suverene nabostatar, skriv redaktøren i Vedomosti (trykt i Moscow Times):

Putin’s notion of a developing a broad-based «Russian world» extends beyond Russia’s borders. After all, millions of ethnic Russians and Russian-speakers are concentrated in the former Soviet republics. But developing the «Russian world» necessarily contradicts the interests of neighboring nations, which will not want to sacrifice their territory — or citizens — to serve Russia’s interests.

Dette er «Volksdeutsche» på nytt. Parallellen til Hitler på 30-talet er opp i dagen, skriv Piontkovskij. Om Vesten ikkje stansar Putin no, må vi gjere det seinare, men til ein høgare kostnad. 1938 i eit nøtteskal.

Putin avsluttar TV-intervjuet i april i fjor med å hylle heltedøden, skriv Fleischhauer. Med tanke på det vi no ser, skulle dette få oss til å fryse på ryggen:

«Death is horrible, isn’t it?» Putin asked viewers at the end of his television appearance. «But no, it appears it may be beautiful if it serves the people: Death for one’s friends, one’s people or for the homeland, to use the modern word.» That’s as fascist as it gets, skriv Fleischhauer.

Sjølv Putins folk ser parallellane til Hitler i utanrikspolitikken, skriv Piontkovskij:

“the parallels are so obvious that one of the Kremlin propagandists [Andrannik Migranyan in Izvestiya] acknowledged that yes, this is very similar to the actions of Hitler but the Hitler before 1939.”

Dei baltiske landa er neste, trur Piontkovsky: «Putin will go as far in the Baltic countries as he is “allowed,” the Russian analyst says, arguing that “everything will depend” on what happens in Ukraine. “If Putin succeeds and completely subordinates to himself the policy of Ukraine and blocks its European choice, then he will continue this campaign. And the next target will be the Baltics.”

Vesten må gi våpen til Ukraina fordi utan våpen vil heile landet gå under og «Western failure will not end there because Putin will read this as an indication that he can use force and the threat of even more force to get his way and he will move against other of Russia’s neighbors..»

Piontkovskij trur likevel mest på sanksjonar og isolasjon. Autoritære leiarar som Putin ikkje blir fjerna på demokratisk vis, dei blir til sist tekne i palasskupp av sine eigne. Så lenge Putin vinn fram og alt går bra, vil ingen velte han:

Those around Putin are suffering from sanctions, but they will likely put up with them as long as Putin is winning. But if he begins to lose, then they will move against him.

Piontkovskij peikar på at dette var slik det gjekk med Stalin.

“this situation recalls the last months of the life of Stalin when he had already gone made and was preparing for a Third World War.” That prompted his entourage to “liquidate” him in order to avoid that outcome. “That is how all such regimes end, and therefore the upper reaches of Putin’s entourage are carefully following … how this war with the West is going.”