I Berlin er det opna ei utstilling som markerer at det er 75 år sidan Krystallnatta. Tyske Spiegel International har stor reportasje på engelsk.

«In the days surrounding Nov. 9, 1938, the Nazis committed the worst pogrom Germany had seen since the Middle Ages. To mark the incident’s 75th anniversary, an exhibition in Berlin gathers previously unknown reports by foreign diplomats, revealing how the shocking events prompted little more than hollow condemnation.»

Utstillinga inneheld ei samling historiske rapportar frå 48 utanlandske ambassadar i Berlin som syner korleis diplomatane rapporter valden desse novemberdagane i 1938. Dette kastar nytt lys over Krystallnatta. Diplomatane rapporter stort sett med avsky og sjokk. Men kva konsekvensar fekk det?

The diplomats almost unanimously condemned the murders and acts of violence and destructions. The British described the pogrom as «Medieval barbarism,» the Brazilians called it a «disgusting spectacle,» and French diplomats wrote that the «scope of brutality» was only «exceeded by the massacres of the Armenians,» referring to the Turkish genocide of 1915-1916.

Mange diplomatar kunne ikkje forstå at tyskarane kunne vere så brutale. Rapportane viser mellom anna at regjeringane rundt om visste godt kva som skjedde med jødane. Mange gir eit riktig og sjokkerande bilete av hendingane. Nettopp dette set den vidare historia i relieff. Jødane hadde frå 1938 store vanskar med å emigrere til trygge land på grunn av nasjonale restriksjonar.

Krystallnatta og progromane mot jødane i Tyskland i 1938 blei den gong fordømd av dei fleste, men reaksjonane var likevel tamme. Berre USA kalla tilbake ambassadøren sin for konsultasjonar. Ingen land sette inn sanksjonar til dømes. Hovudstadane hadde dermed lest rapportane, men reaksjonane mot hitlertyskland og innsatsen for forfølgde jødar på flukt etter 1938 var ofte lunken.

Vi hugsar gjerne med sorg Holocaust, men 1938 er i dag gløymd. Dette er del av det europeiske medansvaret som m.a. jødane ikkje gløymer – og ikkje må gløyme.

«…, no country broke off diplomatic relations with Berlin or imposed sanctions, and only Washington recalled its ambassador. Most of all, however, the borders of almost all countries remained largely closed for the roughly 400,000 Jewish Germans.»

 

75 Years Later: How the World Shrugged Off Kristallnacht

Les også