Kaj Skagen virker ikke overvettes begeistret for den nye boken om massedrapsmannen.

Åsne Seierstads En av oss gjev seg ut for å vera «en fortelling om Norge». Ein måtte då kunna venta seg ei utgreiing av dei historiske, samfunnsmessige og idelogiske samanhengane som gjorde Anders Behring Breivik mogeleg og forståeleg. Men dét ventar lesaren av denne boka fåfengt på. Trass i omfanget på over fem hundre sider gjev ho ikkje ny innsikt.

Tittelen og undertittelen på boka gjev som sagt lovnad om forståing av kva det moderne Noreg er, og korleis «vi» skapte Breivik. Men kven er dette «oss» som Breivik skal vera «en» av? Visseleg ikkje ungdomsrørsla til Arbeidarpartiet eller innvandrar-miljøet? Boka synest å seia at det «oss» som Breivik veks fram av, det er nettopp ikkje oss, men «dei» på Oslos vestkant.

 

Dag og Tid: Ei forteljing om ein av «dei»

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene som vi skriver om. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar 🙂