For mange er kunst synonymt med måleri, og om det skal vere bra kunst, må det vere fint, og bra måla. Spør du meg, blir det like underleg som å sei at bra bøker kjem av at ein forfattar er veldig flink i gramatikk. Og, ikkje alle maleri som er kunst, på same måte som at ikkje alle ord, er litteratur. Teknikken, og materialet er ofte med på å understreke innhaldet.

Men kunst handlar ikkje om å vise kor flink ein har vore. Faktisk har kvar enkelt kunstnar, sine individuelle årsakar til at me lagar kunst. Somme av oss har eit ytringsbehov og vil ha fokus på sakar ein er oppteken av. Somme gonge med politiske undertonar. Andre jobbar med hendene på måtar som handlar mest om visuell poesi. Utan at det finst ei språkleg forklaring på det heile. Ein kan faktisk sjå med berre blikket. Utan å omsetje alt til ord.

God og dårleg kunst?

Ofte høyrer eg folk sei at dei ikkje forstår kunst. Det blir like rart som å sei at ein ikkje forstår bøker. I tillegg er det viktig å vite at ein person som har studert litteraturvitskap, ser noko anna i bøker, enn det me andre ser. På same måte, vil ein kunstnar, eller ein person som har studert kunsthistorie, sjå noko andre ikkje ser. Det betyr ikkje at alle andre tek feil, og at ein ikkje «forstår kunst». På same måte som ein i bøker kan relatere det ein les til noko i seg sjølv, kan ein òg relatere det ein ser i kunsten til eigne erfaringar. Utan at det er «feil». Ein ser ting på ulike måtar i kunsten, som elles i livet.

Kunsten, folk flest, og andre folk…

Innanfor samtidskunstfeltet finst det menneske som ynskjer å ha ein distanse til det somme vil kalle «folk flest». Altså folk utanfor kunstfeltet. Somme lagar kunst for andre kunstnrarar. Det må òg vere lov. Det blir òg skrevet bøker, som utelukka er av interesse for folk med bakgrunn i feltet. Men, det betyr ikkje at me andre ikkje kan lese dei, om me skulle få lyst. Og kanskje oppdagar me noko der inne, som gjer at ein ser litteratur på ein anna måte etterpå. Det same kan oppstå i kunsten, om ein før ein går inn døra, fjernar filteret som seier «eg forstår ikkje kunst», og heller ser med opne augo, etter noko ein kanskje ikkje hadde sett før. Kanskje vil ein berre oppdage at denne utstillinga ikkje hadde deg som målgruppe. Det betyr ikkje at det er dårleg kunst.

Kvifor kunstnarstipend?

Når ein snakkar om kunst, vil mange umiddelbart meine noko om kunstnarstipend. Den viktigaste årsaka til at me treng kunstnarstipend: det finst folk som jobbar fulle arbeidsdagar, for at du skal kunne gå i gallerier, og museer, og oppleve kunst. Det er tidkrevjande å produsere kunst for å fylle eit gallerirom eller museum. Stipend blir ei potensiell økonomisk tryggleik som fører til at personar frå fleire ulike (klasse)bakgrunnar kan våge å satse på kunst. Men, det er likevel ingen garanti for at ein får stipend, og ein får det sjeldan kvart år.

Det er gratis å kome inn i dei fleste galleri. Og, om ein går inn, vil ein fort oppdage at det finst veldig mykje bra kunst, som ikkje kan kjøpast, men som ein likevel treng. For somme gonge må ein gå inn i eit anna rom for å lufte tankane. Å gå på tur med tankane i nye landskap og soger, er berre ein av tinga ein kan oppleve i ei kunstutstilling. Men kunsten blir kanskje meiningslaus, utan det ein sjølv tenkjer når ein ser på den?

Kunsten si rolle i det offentlege

Eg tenkjer at kunsten fyller ei viktig rolle i samfunnet, men at nokon har sopa kunsten så langt under golvteppet, at ein ikkje legg merke til den med mindre ein snublar i den. Det heile kunne kanskje ha vore så enkelt: Om ein ikkje går i skogen, vil ikkje skogen kjennast viktig. Om ein ikkje går på kunstutstillingar, vil ikkje kunst kjennast viktig. Men, det finst eit gjerde rundt kunsten, som gjer det vanskelegare å kome inn. Kven har ansvaret for at det gjerdet finst, og korleis kan me rive det ned?

 

Brynhild Grødeland Winther er biletkunstnar, kunstkritiker og skribent.

 

Les også:

Tegnerisk begavelse med konseptuell rebus-retorikk

 

 

Kjøp Paul Grøtvedts bok her!

 

 

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.