I filmen «Atlas» (2018) av David Nawrath følgjer vi einstøingen Walter sitt forsøk på å avverje den overhengande faren sonen hans med familie brått oppheld seg i når dei vert trua av ein muslimsk klan i Frankfurt.
Diverre er den meir aktuell enn nokon gong.
I filmen si opningsscene vert vi presenterte for den rundt seksti år gamle møbelflyttaren og tidlegare vektløftaren Walter Scholl (Rainer Bock), som øver benkpress heime.
Etter å ha tatt ein smertestillande (sveljer ned med vatn rett frå springen), sit han på bussen og halvsøv før han i neste klipp er saman med kollegene sine; samtlege langt yngre menn – dei er i ferd med å tøme eit hus av di leigetakaren rettsleg har blitt erklært insolvent – det hjelp ikkje at denne fortvilt freistar å stogge flyttefolka.
Deretter kjem han berande inn på firmaet sitt lager med eit gedigent garderobeskap på ryggen (Bock trente vekter i fleire månadar før innspelinga starta) – hinta til titanen Atlas (som ifølgje gresk mytologi fekk som straff av Zevs å måtte bere himmelkvelvingen på skuldrane sine til evig tid) er openberre.
Arbeidarane sit i pauseromet etter avslutta økt då den gemyttlege sjefen Roland Grone (Uwe Preuss), kjem inn og ynskjer alle god jul – og humoristisk minner dei på eit nytt oppdrag den 27. desember Her sit også namsmannen Alfred Hoppe (Thorsten Merten), ein nyskild, alkoholisert og bitter mann som skal sørge for at det juridiske grunnlaget er på plass.
Så følgjer vi Walter heim. Interiøret der er like karrig som hovudpersonen sjølv virkar vere – ein enkel eremitt som feirar jula åleine.
Det syner seg at sjefen – for å redde firmaet frå konkurs – har inngått ein heller lyssky avtale med ein muslimsk klan. Og første romjulsdagen kjem klansjefen Moussa Afsari (Roman Kanonik) køyrande saman med Roland og vert – overraskande for alle dei tilsette – presentert som ein ny kollega. Det går imidlertid fort opp for samtlege at det er den brautande og rimeleg primitive Moussa som no styrer bedrifta.
Klanen driv aktivt med såkalla gentrifisering – det vil seie at urbane leigegardar i arbeidar- eller lavinntektsstrøk vert overtekne til spottpris (om naudsynt med tvang) og deretter oppussa – for så å verte vidareformidla (gjerne med trippel forteneste) til meir velståande klientell.
Oppgåva til Grone sitt flyttebyrå er å tøme leiligheitene etter at dei opprinnelege leigetakarane har flytta ut – og om det syner seg naudsynt – nytte makt for å fjerne dei som eventuelt ikkje har akseptert å bli tvangsflytta. Til dette siste får dei solid og rimeleg «profesjonell» hjelp av firmaet sin nye «big boss».
For gamlesjef Roland er Walter både den eldste, stødigaste og sikraste medarbeidaren han har; det er til Walter han vender seg når noko ekstra står på, når han treng å få letta hjarta sitt.
Moussa sitt valdspotensiale og manglande impulskontroll får vi eit første prov på då han vert med flyttekarane til ein bygard og der vert konfrontert med ein uredd og handlekraftig siste leigetakar, ein rundt 30 år gamal familiefar og taxisjåfør (Albrecht Schuch), som med kone (Nina Gummich) og ein fem år gamal son (Karl) nektar å flytte.
Det syner seg at den forfylla Alfred ikkje har fått med seg at både han og Jan har motteke eit skriv frå myndigheitene om at utkastingsvedtaket er ugyldig og flyttefolka må difor forlate åstaden med uforretta sak.
Dette set sjefen i ei lei knipe – han har avtala med Moussa at bygarden skal vere tom innan nyttår.
Walter meiner å kjenne att den unge familiefaren – og at det er sonen hans Jan, som han forlet då guten var liten og heller ikkje har hatt kontakt med sidan.
Og her er vi ved kjerneforteljinga i filmen: ei far-son-historie som vert igangsett/initiert ved eit reint tilfelle.
Den stakkarslege Alfred er elles den einaste Walter har litt omgang med – dei tek seg gjerne ei pils eller to (for Alfred sin del langt fleire) på ei nærliggjande kneipe.
I relasjonen deira er det Alfred som fører ordet, og den reserverte og særs stillferdige Walter som er tilhøyrar. Men i ei nøkkelscene ved kneipebordet mumlar han fram at «Alle er ansvarlege for seg sjølv. Alle tek på seg si eiga byrde. Og alle må bære den åleine». Truleg er det sitt eige livsmotto han her skildrar.
Då Walter undrar seg på korleis Moussa kan oppføre seg så brutalt som han gjer, svarer Alfred lakonisk: «Fordi han er ein Afsari». Og forklarer tematikken vidare (vil ikkje spoile her).
Møtet med (den uvitande) sonen, fører Walter inn i ein lojalitetskonflikt. Kven skal han velje å støtte? Sjefen sin eller sonen og familia hans?
Han vel først ein gylden middelveg. Parkerer på gata utanfor der sonen og familia bur, oppdagar to ungdomar som er i ferd med å vandalisere Jan si drosje (opplagt eit betalt oppdrag), ser at Jan kjem springande ut og får tak på den eine, går sjølv resolutt ut av bilen for å ta seg av den andre; denne kastar imidlertid ein brustein på Walter og påfører han eit blødande sår. Guten Karl kjem ut på trappa – han ropar i angst på far sin, og Jan spring straks til for å trøyste han, slik at begge pøblane klarer å stikke av.
Då Jan takkar Walter for hjelpa, oppdagar han blodet, og freistar overtale Walter til å bli med inn til seg for å sjå på skaden – kona er sjukepleiar. Men Walter seier nei, angrar seg neste dag, kjøper ei gåve til Karl og vert beden inn på middag.
Dagen etter kjem han dit på nytt; han veit at Jan er åleine heime, og dei fører ein sentraltematisk samtale (mellom anna om «farsansvar»), der Walter sine bidrag først består av subtekstlege utsegner, før han til slutt røper at han faktisk jobbar for firmaet som vil kaste dei ut. Dermed kan han også fortelje i kor stor fare familia faktisk er.
Handlinga vidare balanserer meisterleg mellom Walter si forsiktige tilnærming til son, svigerdotter og soneson, mellom spenninga som oppstår i Walter sitt forhold til sjefen, til det stadig meir risikable sambandet han får til den muslimske klansjefen Moussa og til konflikta som oppstår mellom Jan og den muslimske klanen, som tyr til stadig hardare verkemidlar for å få den vesle familia fjerna.
I den siste halvdelen av filmen dveler tematikken i stadig meir dramatisk grad om «den einsame mot dei mange», om Walter sin kamp mot den skruppellause Roman.
Parallelt får vi ei interessant scene frå eit sjukehus (der svigerdøtra Julia jobbar) og flashbacks frå ein båttur Walter og Jan foretok då sonen var på alder med det barnebarnet hans er no – denne scena gir tilskodaren/oss også eit frampeik som vert stadfesta heilt mot slutten av filmen.
Korleis det går vidare, overlet eg til lesarane sjølve å erfare. Eg tilrår dette filmatiske eposet på det aller sterkaste. Filmen er teksta på engelsk.
Den kan også leigast via Amazon Prime for ein dryg femtilapp.
Ringreven Rainer Bock – ein klassisk birolleskodespelar* – gjer her (etter ei lang rekkje på nærare 100 mindre roller) si første hovudrolle. Og han gestaltar hovudpersonen – den stillferdige, men stoiske transportfirmamedarbeidaren Walter Scholl – med briljans og bravur.
For innsatsen sin vart Bock nominert til «Deutschen Filmpreis 2019», og mottok «Deutschen Schauspielpreis 2019» som beste hovudrolleinnehavar.
Også Uwe Preuss, Thorsten Merten og Albrecht Schuch (han spelte m.a. ei av hovudrollene i Thomas Berger sin storslagne krigsfilm frå 2022: «Im Westen nichts Neues») og Moussa Afsari gjer sterke rolleprestasjonar (sjølv om sistnemnde si rolle av enkelte kritikarar vart stempla som «eindimensjonal», noko som kanskje ikkje var så uventa …).
Regissør David Nawrath debuterte som spelefilmregissør med «Atlas». Tidlegare Han skreiv også manuset (saman med Paul Salisbury), og vart nominert til den tyske manusprisen for dreieboka. «Atlas» vart nominert til «Deutschen Filmpreis 2019».
* Sett med norske auge, er Bock si rolle som Stasiagenten Hugo i den eminente norsk-tyske produksjonen «Zwei Leben» (med premiere i Noreg i 2012, først året etter i Tyskland), mest interessant.
Filmen utspelar seg i Noreg (m.a er det idylliske klyngetunet Havråtunet på Osterøya sentralt); historia dreier seg om eitt av dei om lag 250 «Lebensborn»-borna (av totalt rundt 11.000 såkalla «tyskerungar» som vart fødde og oppfostra i SS-organiserte Lebensborn-barneheimar rundt om i landet) som i perioda frå 1943 til krigen sin slutt vart deporterte til Tyskland, i hovudsak til Sachsen.
I hovudrollene finn vi Julianne Köhler (som lærte seg norsk for rolla!), Sven Nordin og Liv Ullmann.
Filmen vart av den tyske juryen nominert til Oscar i kategorien «Beste utanlandske film», og den mottok ei rekkje prisar rundt om i Vesten.
Som ein kuriositet kan nemnast at vi også blir presentert for ein «plausibel» identifikasjon av den mystiske «Isdalskvinnen», som vart funne drepen i Isdalen i Bergen i november 1970.
Kjøp bøker fra Document Forlag her!


