Nytt

Those were the days: Den franske stjernen Johnny Hallyday med venninnen Sylvie Vartan. Myndighetene blinker ut symbolsaker saom griper inn i hverdagen: sugerør, plastbestikk og hundebæsj. Foto: AFP/Scanpix

Ei ny oversikt over bøter er lansert i Berlin. Den som kastar ein sigarettsneip på bakken, skal betale opptil 120 euro i bot, tilsvarende 1.200 norske kroner. Bøter som svir!

Alle veit at røyking er usunt. På emballasjen har dette dei siste åra blitt uttrykt med store bokstavar: Røyking er dødeleg.
No kan røykinga også bli ekstra dyr. I går (tysdag) lanserte senatet i Berlin nyeforeskrifter for bøtleggjing av ulike «søppelsynder». En euro=ca 10 kr.

– Hundeeskrement på fortauet: opptil 300 euro – Sigarettsneip på gata/fortauet: opptil 120 euro – Eingongskoppar, tyggegummi, plastflasker eller klede: 55 euro
– Sigarettøskjer, lommetørkle, fruktskal o.l. – minst 30, opptil 80 euro
– Større avfall som madrasser, barnevogner, stolar og gamle mobilar – mellom 150 og 500 euro.
– Lysrør eller tv/data-skjermar: Opptil 10.000

Krafttak mot forsøpling

Senatet si avdeling for miljø, transport og klimavern har med dette auka innsatsen mot forsøplinga, som i Berlin har eksplodert dei siste åra. Heretter vil du verte bøtelagt med 55 euro om du spyttar ut ein tyggegummi på gata.

Ein «hundebæsj»kan koste opptil 1500 euro
Hundeeigarar vert også påvirka av endringane. Alle som ikkje eliminerer hunde-ekstrement umiddelbart, må betale eit gebyr på 55 euro, i tillegg til ei eventuell bot på 80 til 300 euro. Og om dette hender i ein park, vert bota på heile 1.500 euro.

Større avfall – høgre bøter
Alle som dumpar stort avfall og vert oppdaga i prosessen (in flagranti) risikerer betydelege straffer. Til dømes vil ei bot på 350 til 800 euro tilkome den som freistar kvitte seg med gamle bildekk illegalt. Og for avfall frå byggplassar, kan forureinaren risikere eit forelegg på opptil 25.000 euro.

Preventiveffekt

Ifølgje senatadministrasjonen forventast det at dei nye, drastiske bøtene vil føre til at forsøplinga vil verte redusert til eit minimum. Tiltaket er satt igong som del av «Aktionsprogramms Sauberes Berlin» («Aksjonsprogram for eitreinare Berlin») og «Gesamtstrategie Saubere Stadt» («Samla strategi for ein rein by»).

Kjelde:

morgenpost.de