Peter Tauber, tidlegare generalsekretær i CDU, har gjeve mykje av skulda for udåden til sin tidlegare partikollega Erika Steinbach.

Steinbach skuldar Tauber for ærekrenking.

Tauber twitra søndag kveld: «I denne forstand er du sjølvsagt ansvarleg for konsekvensane og reaksjonane etter din kampanje mot Walter Lübcke. Du er skuld i hans død.»

Tauber held fram: «Steinbach sin reaksjon på påstandane og drapet på Lübcke synte at ho hadde kjennskap til det heile.  Du har ikkje med eitt einaste ord synt sorg over tapet av ein politikarkollega. Truleg av di det ville vere toppen av hykleri».

Tauber arbeider for tida som statssekretær i det militære forsvarsdepartementet.

Erika Steinbach hevdar at Tauber har ærekrenka henne, og skreiv på Twitter: «I følgje logikken til Tauber, har Angela Merkel, med sin politikk, det fulle ansvaret for drapa på Breitscheidplatz.
(https://www.tagesspiegel.de/politik/terror-am-breitscheidplatz-in-berlin-der-fall-anis-amri-eine-bestandsaufnahme/23765910.html)

Steinbach forlet CDU i 2017 og nærmar seg AfD. Ho har ved fleire høve kritisert Lübcke for hans haldning til «asylkritikarar».

Etter spørsmål om Tauber sine påstandar, har CDU sin styreleiar (og Angela Merkel sin etterfølgjar), Annegret Kramp-Karrenbauer, hevda at avgrensinga mellom AfD og det ekstreme høgre må gjerast langt tydelegare.

Ejt par Twitter-meldingar i saka:

Peter Tauber

@petertauber

 17 timer

Kjærleik @ SteinbachErika. «Det er ingen handling som ingen ville være ansvarlig for,» sa Bismarck. I denne forstand er du selvfølgelig ansvarlig for konsekvensene og reaksjonene på din oppfordring mot Walter Lübcke. Du er skyld i hans død. Din reaksjon viser dette.»

Peter Tauber

@petertauber

Du vet det veldig bra. Og enda verre, du kjente ham og vet hva en oppriktig og fin fyr han var. Til nå er det ikke noe sorgsord fra deg for ham. Sannsynligvis ikke, fordi det ville være høyden av hykleri.

 

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene som vi skriver om. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.