Vårt Land spør i sin leiar torsdag, korleis  Norge ville ha reagert om Irans ambassade og Kina’s ambassade hadde drive med overvaking i slikt omfang som den amerikanske ambassaden?  For det første bør ein kanskje rekne med at begge desse ambassadane driv overvaking, lovleg og ulovleg i ukjent omfang, utan at Rød eller andre melder dei til politiet.  For det andre, dei som steller med slikt i Oslo, demonstrerer sjeldan eller aldri mot ambassadar for diktaturstatar. Norsk TV avslører heller ikkje noko frå desse ambassadane. Medias spesialitet er USA’s ambassade og Israels. Her er også dei som til vanleg demonstrerer, lokalkjende. Løypene er godt opptrakka. For det tredje er det nå slått fast at USA  har drive lovleg overvaking.

USA er vår næraste allierte og har vore vår hjelpande ven og alliert sia det japanske åtaket på Pearl Harbour hausten 1941.  Utan USA’s innsats, som er velkjend,  kan ein ikkje sjå for seg eit fritt Europa.. At Kina nå sperrar inne nobelprisvinnaren som skulle ha vore i Nobelsalen 10.desember, at Iran saman med Nord-Korea er eit av verdas mest ekstreme, undertrykkande og agressive dikatur, gjer  ei samanlikning  med  vår nære allierte berre underleg.

Ragnar Ulstein

Opprinnelig sendt Vårt Land som svarte:

Kjære skribent,
Vi takker nei til ditt innlegg denne gangen. Vi har dessverre ikke anledning til å gi hver enkelt en begrunnelse for vår prioritering.

Du er hjertelig velkommen til å sende inn innlegg til våre debattsider en
annen gang.

Vennlig hilsen
Vårt Lands debattredaksjon

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.