FHI har stor tillit til vaksinar. Eg har gått frå å vere ein vaksinetilhengjar til skeptikar. Takka vere «covid-vaksinen».
Den har opna augene mine for at heller ikkje andre vaksinar er så sikkre og effektive som vi har trudd. Tvert imot har dei fått æra for ein nedgang av infeksjonssjukdomar som dei ikkje skulle hatt.
Koronavaksinen
Då denne «vaksinen» kom, vart vi fortalt at han var trygg og effektiv; han ville hindre at du vart (alvorleg) sjuk og hindre vidare smitte. Vidare vart det hevda at stoffet som vart sprøyta inn i skuldermuskelen, ville bli verande der, for så å bli nedbrote og borte etter kort tid.
Alt dette har vist seg å vere blank løgn. Vi veit no at nanopartiklane i vaksinen går til alle delar av kroppen, m.a. til eggestokkane, noko som kan føre til store blødningar og eventuelt sterilitet. Dei går til hjarta og kan gje myokardittar med rytmeforstyrring og brå dødsfall. Dei kan føre til betennelsar i blodåreveggane med blodproppar som kan gje hjarteinfarkt og hjerneslag. mRNA-partiklane og spikeproteinet vert ikkje borte etter kort tid, men kan sporast månader og jamvel år etter vaksineringa.
Kan «vaksinen» i tillegg auke faren for kreft? I lang tid har forskarar åtvara om det, ikkje minst etter at «turbokreft» har vorte eit omgrep; at kreft utviklar seg snøgt og gjerne hos unge. Ei forskargruppe har no publisert ei fagfellevurdert gransking (i World Journal of Experimental Medicine) som viser at covid-19-vaksinar hindrar tusenvis av gen i å uttrykke seg, noko som fører til mitokondriesvikt, at immunsystemet reprogrammerar seg, gen går i non-stop-modus med ukontrollert celledeling (kreft) som vedvarer i månader og år etter vaksineringa. Også undertrykking av gen som skal hindre svulstutvikling, vart observert.
I USA er det vanleg at når ein ny vaksine har vore på marknaden i 3 månader, skal eventuelle biverknader offentleggjerast. I 1976 kom det då fram at svineinfluensavaksinen vart kobla til ca. 50 dødsfall. Det førte til at denne vaksinen vart fjerna. Etter 3 månader med covidvaksinering ville ikkje Pfizer ut med sine tal, men ville halde tala hemmeleg i 75 år! Eit FOIA-søksmål (freedom of information act) pressa Pfizer/FDA til å kome med tala: 42.086 meldingar om skade, inkludert 1223 dødsfall, vart kobla til «korona-vaksinen» dei første 3 månadene i USA.
Desse dokumenta, 450.000 i talet, er skrivne i eit teknisk språk, men Naomi Wolf – journalist og forfattar – har greidd å samle lækjarar, forskarar, ekspertar frå ulike fagfelt og friviljuge – 3250 i alt – som har samla, strukturert og forklart funna i boka «The Pfizer Papers». Mange uvaksinerte har lurt på kvifor dei fekk covid-19 éin eller maksimalt to gongar, medan vaksinerte vener kunne få covid mange gongar. I boka står det: «Ein av dei vanlegaste biverknadane (av covidinjeksjonen) i Pfizer-dokumenta er covid»… Kvifor vart ikkje denne «vaksinen» fjerna?
Noko av svaret?
Ein artikkel i Lancet, eit medisinsk tidsskrift, hevda i 2022 at covidvaksinen sparde 20 millionar liv på berre eitt år. Er dette sant? Filosofen Trond Skaftnesmo og professor Peter Halligan har sett på påstanden. Talet er basert på ein matematisk modellstudie, altså ikkje teljing av reelle dødsfall. Meldinga om dei 20 millionane kjem frå Imperial College, mest kjent for sine upålitelege prognosar. T.d. melde sjef-epidemiologen derfrå, Neil Ferguson, i 2005 om at inntil 200 millionar ville døy av fugleinfluensa. Det offisielle talet verda over vart 74!
Eg kan tilføye at mellom dei som støtta denne «forskinga», var GAVI (grunnlagt av Bill & Melinda Gates foundation) og B&MGF – med andre ord personar og institusjonar som er sterkt interesserte i å selje flest mogleg covidvaksinar. Ein annan som såg på påstanden i Lancet, var statistikar og matematikar prof. emeritus Norman Fenton. Han brukte tal frå ONS (Office for National Statistics) i England og kom kort sagt fram til at 20 millionar sparde liv var ein bløff. Detaljar finn du i boka han skreiv i lag med professor i statistikk og data, dr. Martin Neil, «Fighting Goliath – Exposing the flawed science and statistics behind the COVID-19 event».
Ei anna gruppe, prof. Denis Rancourt et al., brukte ikkje matematiske modellar, men gjorde ei oppteljing av excess mortalitet (fleire dødsfall enn forventa ut frå tidlegare år), i fleire land på den nordlige og sydlige halvkule. Dei konkluderte med at det ikkje finst prov for nokon gunstig effekt av covid-19-vaksinering med omsyn til All-Cause mortalitet. Det er ingen samanheng i tid mellom covid-19-vaksinering og reduksjon i ACM. Det motsette skjer. Dei kom fram til at «det har vore 17,0 +- 0,5 millionar covid-19-vaksinedødsfall over heile verda frå 13,5 milliardar injeksjonar fram til 2. september 2023».
Gode vaksinar?
Kva så med dei gamle og gode vaksinane? Stemmer det at dei har berga tidlegare generasjonar frå sjukdom og død – og hindrar dei sjukdom hos oss som lever i dag? Tja …
Indremedisinaren og nevrologen Suzanne Humphries og Roman Bystrianyk har forska på medisinsk historie og vaksinar. Dei presenterer funna i boka «Dissolving Illusions». Vaksinar, antibiotika og andre medisinske intervensjonar har ikkje ført til auka livslengd og mindre mortalitet frå infeksjonar. Æra for det skal dei ha som skilde kloakken frå drikkevatnet, sørga for betre hygiene, sunnare mat og betre bustader.
Til dømes var mortaliteten nesten nede på null for meslingar og kikhoste før vaksinane kom og ufortent fekk æra for nedgangen. Skarlagensfebersjukdomen hadde same utviklinga – utan vaksine i det heile. Men når dette er sagt: Pr. i dag synest det forstandig å ta ei hepatitt B-vaksine om du jobbar i helsevesenet eller med narkomane. Folk som bur i jordhytter laga av møkk (Afrika), vil kunne ha nytte av ein tetanusvaksine. Men: Mekanikken med å sprøyte noko inn i kroppen medfører ein risiko i seg sjølv. Sjå Marc Girardot sine tankar om dette i boka «The Needle’s secret». I tillegg kjem risikoen knytt til stoffa som kan bli sprøyta inn: formaldehyd/formalin, betapropiolactone, aluminium, kvikksølv, polysorbat 80&20, glutaraldehyd, aceetone, SV 40, DNA for å nemne nokre.
Biverknader
Har vaksinane biverknader? Ein nesten ny studie, Henry Ford Birth Control Study, gir eit svar: 18.468 born, følgt frå fødsel til 18 års alder, frå 2000 til 2016, av desse fekk 16.511 i snitt 18 vaksinar, medan 1957 fekk ingen. Studien vart starta for å prove at bornevaksinane var ufarlege. Det motsette vart funne: Dei vaksinerte hadde til dels fleire hundre prosent auka risiko for ulike sjukdomar: astma >400 %, atopisk sjukdom >300 %, autoimmun sjukdom >500 %, nevrologisk utviklingssjukdom >500 %.
Det er laga ein film om denne studien: «An inconvenient study» – du finn han på nettet. Forfattaren av studien ville ikkje publisere den fordi han var redd for å miste jobben! I ei gransking frå Afrika vart det påvist at dei borna som fekk DTP-vaksina, hadde 5x så stor mortalitet som dei uvaksinerte. Ja, vaksina hjelpte mot dei aktuelle sjukdomane, men til kva pris? Eit tankekors er også det dr. Mercola i USA registrerte: Barnedødsfall gjekk ned med 30 % dei første månadene under lockdown – det var då borna ikkje fekk sine rutinevaksinasjonar.
Helseproblem i USA
USA, den mest vaksinerte nasjonen, har eit stort og veksande helseproblem, mest som ei udetonert bombe: autisme – ein utviklingsforstyrring som har auka i takt med vaksineringa. I 1960 var to av 10.000 born autistar, i 2000 eitt av 150 åtte år gamle born, i 2022 ein av 31 åtteåringar. Om ikkje dette var ille nok, viser det seg at heile 26 % har alvorleg autisme, dvs. dei treng hjelp til alt, frå mat til toalettbesøk, altså mest som pleiepasientar. Dette vil kunne knekke einkvar stat som helst på noko sikt.
Og kva seier «vaksineekspertane»? «Vi veit ikkje årsaken til autisme, men vi er sikre på at det ikkje er vaksinane». Nei, tenk dét.
Den 27. oktober 2025 kom ein ny rapport om barnevaksinering og autisme, denne gong frå Peter Mc Cullough-stiftinga. Rapporten byggjer på gjennomgong av 300 fagfellevurderte, vitskaplege studium: Det kan vere fleire grunnar til autisme: genetikk, eldre foreldre, for tidleg fødsel, medikament (antipsykotika, antidepressiva, antiepileptika) brukt i svangerskapet, men aller viktigast og den dominerande risikofaktoren for ASD (Autism Spectrum Disorder): barnevaksinane og spesielt kombinasjonsvaksinar (DTP, MMR) gjeve altfor tidleg. Rapporten slår også fast at dei uvaksinerte borna er dei friskaste. Då må dette spørsmålet få eit svar: Kvifor vaksinere born når dei uvaksinerte viser seg å vere friskast? I USA har 60 % av foreldra valt å avstå frå å følgje vaksinasjonsplanen der. Kva vil norske småbarnsforeldre gjere? For også i Noreg aukar lotten av born med autisme, men er på eit mykje lågare nivå enn i USA.
Folkehelseinstituttet – for meg tidlegare sett på som spisskompetansen i vaksinering. Slik er det ikkje lenger. Korleis kan FHI vere det når instituttet t.d. tilrår ein ny, uprøvd vaksine med ny teknologi til gravide eller til friske småborn og ungdomar med framtida føre seg – og det for ein sjukdom (covid-19) som tidleg viste seg å vere ufarleg for ungdomane? Og kva med langtidsverknadane, ikkje minst for borna i mors liv? FHI kunne umogleg vite noko om det, men held likevel fram med å tilrå vaksinen. FHI har forklarings- og tillitsproblem, og dei er store.
Gunnar-Martin Saunes er pensjonert spesialist i allmennmedisin.
Kjøp «Hvordan myndighetene bløffet oss» av Robert Malone!


