Snublesteiner til minne om norske jøder som ble drept under Holocaust, i Schønings gate i Oslo. Steinene viser klare tegn til hærverk, all den tid det er påført en rekke riper over navnene. Foto: Jan-Tore Egge / Wikimedia Commons (cc by-sa 4.0).

Sist november var vi med på ei snuble­steins­vandring i ein liten norsk by til minne om norske Holocaust-­offer. Politiet fann det nødvendig å halde vakt – ei tanke­vekkjande oppleving, og med nok ein Holocaust­-dag markert 27. januar med dei rette orda frå dei rette prominensane, reiser spørsmåla seg:

Har t.d. NRK som vår tyngste medieaktør noka form for påverknads­kraft? I så fall – kan det tenkjast at NRK ved utval og presentasjon av stoff frå Midtausten har noko å seie for at vi har vorte eitt av dei mest jøde­fiendtlege land i Europa? (Jf. Haaretz 01.11.24 og Aftenposten 26.11.24 og 27.01.26, H. Stanghelle.) Etter månader med registrering og systematisering er spørsmålet mitt: Kor etter­retteleg er NRK? Kva ansvar har NRK for det veksande hatet mot jødar i Noreg? Etter fyrste­inntrykket av eit forferdeleg Israel, ser ein ofte faktorar som skurrar. Eit mønster avteiknar seg.

Eit tidlegare notat frå meg fekk eige saksnr. i Kring­kastings­rådet 180424. Falkenberg Mikkelsen valde der å forklara arbeids­metodane i NRK generelt utan realitets­behandling av dei ca. 30 punkta. Utan å dvele ved dét skal likevel nemnast to punkt som tidleg synte trenden:

16.11.23 Dagsrevyen: Prisvinnande Wolasmal gjorde eit skup: I eit intervju med Hamas-topp Osama Hamdan blir denne pressa til å vedgå at målet er å utslette Israel. Så skjer det utrulege: Wolasmal bagatell­iserer fråsegna i innslaget etter: Ho var retta internt, og Hamdan meinte eigentleg ikkje kva han sa!

01.01.24 Dagsrevyen: Huslause i Gaza ved eit varmande bål blir snedig kopla med eit rakettåtak. Inntrykket er skapt, men sjekkar du, ser du at åtaket er mot ein israelsk by frå Gaza.

Så til ferskaste registrering:

Hungersnaud

09.04.25 Nyhetsmorgen: Lindis Hurum, «Leger uten grenser», kjem med siste versjon av sine mange åtak på Israel. Ny punchline denne gongen: «Ikke så mye som en Paracet har kommet inn til Gaza på 5 uker.» Ei knakande god setning, meiner nok Hurum, for ho brukte ho mange gonger etterpå i media. Men:

02.04.25 Dagsrevyen: Berre éi veke før sender NRK ein reportasje om skrekk­forholda i Gaza, der du i bakgrunnen uforvarande får sjå to unge karar slentre nedover gata med kvar sin is i handa. Ikkje ein Paracet inn?

Skjermdump fra Dagsrevyen

02.05.25 Dagsrevyen/03.05.25 nrk.no: Ein avmagra 5-åring, Osama al-Raqab, med utståande kinnbein, gir deg tydelege assosiasjonar. Du har sett det før: 1945, Auschwitz. Redd Barna uttalar: Eit dødsfengsel! Men mor ser da frisk ut? Barnet er sjukt frå før, noko NRK veit. Likevel brukar NRK filmklippet til å underbyggje påstanden om hungersnaud i Gaza. (Han vart elles evakuert til Italia for behandling.)

21.05.25 Dagsrevyen: Folk prøver å få tak i mat, men folka i bakgrunnen syner ikkje interesse for den ettertrakta vara. Barth Eide får utan mot­førestillingar hevde: «Nå står det om timer.» Hallvard Sandberg fortel i same revy: «Det finnes mat i Gaza. … Det er en aktiv svartebørs der mye kan kjøpes dyrt. Veldig dyrt.» Kan Israels påstand stemme: Hamas stel hjelpe­forsyningar og sel dyrt på svartebørs for å sikre seg inntekter?

02.05.25 Pressemelding, Wafa, PA sitt nyheitsbyrå: President Abbas stadfestar Israel sin versjon om at Hamas stel mat­forsyningar for eiga vinning. Nemnde NRK dette?

Har du lagt merke til at mange av videoane av matkøar har ein vinkel så vi berre ser dei fremste i køen eller, som nemnt over, folk i bakgrunnen ikkje er interesserte?

03.08.25 Velrenommerte Süddeutsche Zeitung (saman med Bild) avslørte grunnen: Den mykje brukte Gaza-fotografen Anas Z. Fteiha har arrangert bilete og stilt opp folk i falsk liksom-matkø. Han jobbar for det tyrkiske byrået Anadolu, direkte underlagt Erdogan. Tyrkia er ein støttespelar for Hamas. Høyrt frå NRK om dette?

Drap i matkø

01.06.25 Søndagsrevyen: NRK hevda for fyrste gong at folk i matkø i Gaza vart skotne av israelske soldatar. Britiske Sky News var ærlege nok til å sende opptak same dag som synte at det slett ikkje var IDF som skaut, men folk av eit heilt anna slag …

NRK gjentok i tida etter stadig at IDF skaut på folk i matkøane ved dei nyoppretta sentera. Merk! Det er ikkje vist eitt enaste opptak av IDF som skyt direkte på sivile i matkøar. Det er elles rikeleg av videoar frå enklaven. Lakmus­testen er: Kven hadde all interesse av å få dette systemet til å kollapse? Men NRK formidlar utan atterhald Hamas-versjonen.

18.06.25 Dagsrevyen: Opplesar I. Stenvold: «… da Israelske soldater i dag nok en gang skjøt mot folk som sto i matkø.» «I går blei nesten 60 personer drept i skyting mot ein matkø i Khan Younis.»

Skjermdump fra Dagsrevyen

NRK fastslår dette som uomtvistelege fakta. Slikt fyrer dei opp ein alt skremmande jøde­fiendtleg opinion.

21.06.25 Al Hayat al Jadida (offisielt PA-presseorgan): Redaktøren kjem med oppsikts­vekkande åtak på Hamas. Han fordømer dei for å skyte på folk som prøver å hente mat frå dei israelsk-amerikanske sentera: «Dette er den avskyelige virkelig­heten, og dette er Hamas, … – ikke noe mer enn jegere på jakt etter dem som leter etter et brød .!». NRK er tause.

Stikk på stikk

11.05.25 Dagsrevyen: Al-Jazeera-journalist Hossam Shabat, som døydde i eit israelsk droneåtak fordi Israel meinte han var Hamas-mann, får eit stort oppslag. Det vart vist eit brev frå han som skulle lesast opp viss han vart drepen. Der skreiv han at han hadde uthalde svolt i månadsvis, sove på fortau m.m. for å tene sitt folk. Det var ypparleg PR-arbeid av Hamas å få dette offentleggjort utan kritiske blikk. Filmklippa syner ein frisk og fin kar som køyrer rundt i bil med andre unge menn og et mat sendt med av mora. Dette skjer i eit Gaza der NRK og alle hjelpe­organisasjonar fortel at alt manglar. Kven har bilar, mat og drivstoff der?

18./19.09.25 NTB/TT/TV2: Representantar for Thunbergs konvoi og organisasjonen bak, Global Sumud Flotilla, var i mange møte med Hamas, PFLP og Islamsk Jihad seinast i sommar. Melde NRK om dette?

23.09.25 Dagsrevyen: Ein komité under FNs menneske­retts­råd (UNHRC) bad FIFA/UEFA utestenge Israel frå inter­nasjonal fotball. J.P. Saltvedt, NRK, karakteriserte UNHRC som «det mest anerkjente på verdens­basis» når det gjeld menneske­rettar. Dette «anerkjente» FN-organet har vedtatt fleire resolusjonar mot Israel enn mot Iran, Cuba, Nord-Korea og Venezuela til saman. Medlemslanda sept. -25 var m.a. Algerie, Bangladesh, Kina, Cuba, DR Kongo, Kirgisistan, Qatar, Sør-Afrika, Sudan og andre lysande menneske­retts­fyrtårn (+ nokre gode demokrati).

08.10.25 Dagsrevyen: Programvertane opplyser «Samtidig fortsetter angrepene mot Gaza by.» «Imens fortsetter bombene å ramme palestinerne i Gaza.» Wolasmal fortel om det israelske bomberegnet. Ingen av dei nemner kvifor: Dagen før, på 2-årsdagen for Hamas sitt valdsame åtak mot Israel, fann Hamas det opportunt å sende nye rakettar inn i Israel – igjen på Yom Kippur, jødane sin mest heilage dag. Inter­nasjonale medium, t.d. britiske The Telegraph, melde om dette, men NRK er ikkje interessert.

23.12.25 Dagsrevyen: Opplesar Ida Creed seier at vinteren har kome i Gaza, og at fleire små barn skal ha døydd av kulda. Lindis Hurum er igjen på farten og fortel om kulda. Inter­nasjonale vêrrapportar fortel derimot om maks­temperaturar på +18 til +24 og nattetemperatur på +10 dei siste ti dagane før innslaget. Berre éin av dagane hadde regnbyger. Same «kulde» har fortsett etter nyttår.

Israel angrip i Libanon og Syria

30.12.25 NRK TV Nyhetsåret 2025 Wolasmal + 030125 NRK Nyheter kl. 9.00: Reporter Magnus Vattekar Sandvoll: Israel bryt heile tida våpen­kvil­avtalane med Hamas i Gaza og Hizbollah i Libanon. Derimot unnlèt han å fortelja om brota til motparten. Hamas kjem jamt med nåle­stikks­åtak (sjå 08.10.25 over) medan Hizbollah enno er til stades sør for Litani-elva og byggjer seg opp (sjå neste pkt.). Båe nektar avvæpning som avtalene tilseier.

07.01.26 al-Jadeed TV, Libanon/OSINTWarfare/msn.com : Foto lekka av den libanesiske hæren syner funn av stort Hizbollah-våpenlager mellom Kafra og Seddikin, godt sør for Litani-elva med droner, rakettar og ammo. Høyrt noko frå NRK om dette?

07.01.26 NRK nyheter kl. 13.20: Wolasmal fortel enda ein gong at Israel heile tida angrip i Syria, men seier ingenting om amerikansk-jordanske åtak ved Palmyra, saman med britisk-franske flyåtak mot syrisk territorium. Han nemner ikkje dei mange milits­gruppene, inklusive IS og Al-Qaida, og gjentek vidare at Israel okkuperer syrisk område, men som vanleg ingenting om Tyrkia sin okkupasjon i Nord-Syria.

02.03.26 NRK Dagsrevyen: Wolasmal fortel om over 1000 israelske brot på siste våpen­kvile­avtale med Hizbollah, men nemner ikkje Hizbollah sine mange brot (sjå f.eks. 07.01.26 over), berre det som fram­provoserte dei siste motåtaka frå Israel. Likevel skal han ha ros for å fortelja at folket i Libanon er «forbanna» på Hizbollah for situasjonen no. Dét er sjeldan NRK-kost.

Demonstrasjonar

11.05.25 Dagsrevyen: Ein stor pro-israelsk demonstrasjon i Oslo med stortings­representantar, parti­leiarar og minst 400–500 deltakarar blir ikkje nemnd. Ein drepen journalist i Gaza får derimot eitt av hovud­oppslaga. (Jf. 11.05.25 over.)

18.05.25 Helgemorgen, Linda Marie Vedeler, Melodi Grand Prix-reporter, Basel: «Det var store demonstrasjoner i nede i sentrum. Det var jo en pro-palestina­demonstrasjon på inntil 100 personer, kanskje flere også …»

26.05.25 Dagsrevyen: Eitt av hovudoppslaga er demonstrasjon med 10 palestina­aktivistar i Finans­departementet og 12–15 utanfor. Somme er maskerte. Dei har banner med Palestina­komiteen sin logo der Israel er utsletta av kartet. NRK problematiserer som vanleg ikkje dette og gir igjen plass til ein pro-palestina­demonstrasjon, sjølv om han er liten.

Folkemord

23.08.25 Helgemorgen: FN sin tidlegare spesial­koordinator i Midtausten, Tor Wennesland, var svært tydeleg i å beskrive Hamas sitt kyniske spel med eiga sivil­befolkning frå dag 1 for å svekkje Israel sitt rennomé. Han kallar det «den ytterste form for moralsk kynisme». Programleiar A.E. Tønseth skal ha ros for å spørja om Hamas, for dét er sjeldan kost i NRK. Dessverre konfronterer han verken utanriks­minister Barth Eide eller J. Haldorsen frå Raudekrossen med dette i same sending, og Odd Karsten Tveit får utan motstand konstatere at Israel utfører folkemord.

18.11.25 NRK Debatten: Falkenberg Mikkelsen nekta å beklage bruken av resolusjonen frå IAGS som påstår at Israel utfører folkemord i Gaza. Dagbladet la seg derimot flate og beklaga. I denne organisasjonen av folke­mord­ekspertar kan kven som helst bli medlem for 30 USD. M.a. står A. Hitler oppført som medlem. Dei har elles fleire titals medlemer frå Irak …

09.01.26 Dagsrevyen: Jamt får intervjuobjekt uimotsagt bruke folkemord om Israel, seinast ved SV si valkamp­evaluering (Steinar Nørstebø) og Mari Boine før Palestina-konsert 24.01.26 i Laurdags­revyen.

Tydelegaste påtale av dette har ikkje kome frå NRK, men frå Erna Solberg overfor Wolasmal (01.09.25, «Yama utfordrer»): Solberg irettesette stjerne­journalisten og underviste han i bruken av omgrepet: «Vi slenger ikke rundt oss med den type begreper!»

Sør-Afrika har levert folkemord­anklage mot Israel til ICJ, grundig dekt av NRK. Men har NRK informert om at 2 månader før møtte den sørafrikanske ministeren Naledi Pandor Irans president og utanriks­minister (okt. -23)? Eller at i jan. -24 var konkurstruga ANC brått ute av si pengekrise? Eller at Sør-Afrika og Hamas alt i 2015 skreiv under ein intensjons­avtale der Sør-Afrika forpliktar seg til å støtte Hamas?

13.01.26 NRK Ekko: Ein ekspert introdusert som «imperie­historikar», Jonas Fossli Gjersø, får utfalde seg om den utanriks­politiske situasjonen. Han får uimotsagt framføre dette: «Det er to kolonikriger som foregår i disse dager: I Ukraina med russisk imperialisme, men også da i Palestina med den vestlige imperialismen hvor man da bryter folkeretten ganske tydelig.» Israel er i eksperten si verd resultat av vestleg kolonialisme. Programleiar Jean Christine Cena har ikkje kunnskapen eller motet til utfordre «imperie­historikaren», eller ho vart så forfjamsa at ho mista munn og mæle. Kunne ho ha spurt Gjersø om Erdogan sine nyottomanske ambisjonar? Om Iran sitt vide nettverk like til Venezuela med krigføring via proxyar?

31.01.26 Dagsrevyen: Sissel Wold fortel om nye åtak frå Israel med tapstal frå «Gazas helse­myndigheter». Kven er dét, forresten? NRK har ingenting om ein ev. årsak til åtaka. Spørsmålet er kvifor vi må gå til BBC World Service for å få bakgrunnen: Dei fortel same dag at ei gruppe Hamas-krigarar dukka opp av ein tunell, og det vart kampar.

På bakgrunn av mønsteret vi ser over, er spørsmålet om NRK sine vinklingar og utelatingar medverkar til å skapa ein opinion som gjer det farleg å gå med jødiske symbol, og der vi les «Hitler started it. We finished it» på Furuset T-banestasjon. Det ser ut til at stats­kring­kastar­en bør koste på seg eit par ekstra rundar med kjelde­kritikk og intern­drøfting for å unngå dei grellaste eksempla på feil­formidling.

I haustkampanjen frå redaktørstyrte medium heiter det: «Det er lett å bli lurt. Og det er lurt å være litt kritisk.» Viktige NRK må passe seg så dei ikkje møter seg sjølv i døra.

 

 

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.