Ved Olavsfestdagene i Trondheim/Stiklestad i samband med Olsok skal musikalen HAIR bli framførd i sjølve Borggården ved Nidarosdomen som del av det offisielle programmet. Det er stat, kommune og fylke som er arrangør i samband med Nidaros domkirke og bispedømmeråd. Stiftelsen Olavsfestdagene i Trondheim har som føremål ”å gjenreise og styrke Trondheim som nasjonalt kirkelig og kulturelt kraftsentrum”.
”Som knutepunktinstitusjon skal Olavsfestdagene i Trondheim ha en forankring i den kirkelige, historiske og kulturelle olavstradisjonen.” Dei må difor meine at HAIR har ei slik forankring.
På nettsidene ti l Olavsfestdagene les vi så: «Pilegrimene vandrer til kirken mens HAIR toner ut i Borggården. Slik speiler vi fortid og nåtid, den spirituelle og folkelige dimensjonen side om side i vår festival».
Vi les vidare: «Et helt verdensbilde ble utfordret, og en ny generasjon fant sin nye grunnmur med musikken som sitt fremste uttrykk», som dei skriv. Er det her koplinga er til Heilag-Olav?
Vi kan berre spekulere i kva det er i HAIR som ein kan forankre i Olavstradisjonen: Kanskje er det songen om «Aquarius» (astrologi m.m.)? Kanskje er det «Hare Krishna», eller «Hashish» om narkotikaens gleder? Eller kanskje songen «Sodomy» med den subtile teksten: «Join the holy orgy / Kama Sutra / Everyone”?
Musikalen er eit av dei mest kjende uttrykk for det kulturradikale opprøret frå 1968 med seksuell frigjering, narkotikabruk, new age-aktig vissvass, pasifisme, profanering og subversjon som kjenneteikn m.m.
At 68-arane i kyrkja og deira kadre i kristennorge no kjenner seg så suverene at dei kan få HAIR framført medan pilgrimane søkjer til Nidarosdomen på sjølvaste Olsok er teikn på at kulturkampen i kyrkja er over. 68-arane vann. Dei gjer som dei vil.
Musikalen skal visst framførast i ein nedkorta versjon, det kan vi godt forstå. For sjølv 68-arane har vel ennå ikkje i religionsdialogens namn tenkt at pilgrimane til Olsok vil danse inn i Nidarosdomen til Hare Krishna? Men vi er kanskje ikkje langt unna?
Om dette vil ”styrke og gjenreise Trondheim som nasjonalt, kirkelig og kulturelt kraftsentrum” vil det vere ulike meiningar om.