– Det første MLRS M270 har komme, sa Ukrainas forsvarsminister Oleksej Reznikov fredag og la til at systemet blir eit godt tillegg til HIMARS-systemet som Ukraina allereie har fått og sett inn i krigen mot Russland.

Reznikov sa ikkje kva land som har sendt M270-systemet til Ukraina, men det er eit godt bidrag til det veksande arsenalet av vestlege våpen Ukraina får, og som Ukraina trur kan endre kursen til krigen.

M270 er ein mobil amerikanskprodusert fleirrøyrs rakettkastar. Storbritannia kunngjorde i byrjinga av juni at dei ville forsyne Ukraina med slikt artilleri.

 

Kjøp «Et varslet energisjokk» her!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.