Donald og Melania på scenen ved Mount Rushmore 3. juli Foto: Tom Brenner/Reuters/Scanpix

Ved nasjonalmonumentet Mount Rushmore opna president Donald Trump 4. juli-feiringa med ein stor og historisk tale som markerte hovudsaker i valkampen: Ja til amerikansk kulturarv i vidaste forstand, konstitusjonen, ytringsfridomen, personleg fridom, tryggleik for familien, vern om samfunnet, lov og orden. Og eit tilsvarande kraftig nei til krefter som vil rive kulturarven ned. Han lanserte «far left fascism» som eit konkret trugsmål mot det amerikanske systemet, inklusive rasering av historiske monument  og forsøk på å snu opp ned på dei nedervde verdiar og prestasjonar som har gjort Sambandsstatane  til det dei er. «Mange av demonstrantane veit ikkje kva dei er med på, men enkelte andre veit svært godt kva dei har planlagt og steller i stand.» 

Eg høyrde talen i går in extenso, var imponert over den historiske tyngda og spekteret i argumentasjonen, og var spent på kva for hovudpunkt norske journalistar ville referere i dag. Sette meg framom radioapparatet  og slo på NRK. 

Anders Magnus, som i tidlegare år stod fram i media som ein sober journalist med eit visst tvisyn, opna kommentaren sin utan å nemne eitt einaste ord eller moment frå talen, men gjekk kritisk rett på med klagemål om at «president Trumps tale var kontroversiell.»  Det var nyheiten! Ingen ting om veksande venstrefascisme i USA eller opplysning om at vandalar kan rekne med ti års fengsel. Og tenk: «Talen var rettet mot hans tilhengere.»  Opprørsgruppene som raserer bygater og historiske monument er så småe og uvesentlige at folk undrer seg over at presidenten vil bruke tid på disse, og mener at han heller burde snakke om det folk er opptatt av, som koronaen og økonomien.» 

Ein ting er sikkert: Den som vil ha informasjon om realitetar, opplysande fakta og nokolunde nyanserte vurderingar av amerikansk politikk og valkamp, kan ikkje halde seg til NRK. Det republikanske partiet og den republikanske presidentkandidaten er konsekvent blitt snakka ned  sidan Dagsrevyen tok til med sine sendingar. 

Det er ein tankevekkjar at veljarane i USA held ei ganske god jamvekt mellom dei to kandidatane til ei kvar tid (innanfor 55-45%). Meiningsmålingar om dei same kandidatane i Europa har vanlegvis 75 – 25 i Demokratisk favør. Men i Noreg? Nær 95 – 5%.

Dette er tilnærma hjernevask. Landet vårt har eit demokratisk problem. Den mentale uniformering frå NRK, NTB, TV 2 og avisene har ein stor del av ansvaret. KKK-syndromet slår inn i særleg grad: Konsensus, Karriere og Komfort.

Hallgrim Berg

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.