To tusen års betennelse

Ragnar Ulstein

Ein berykta antisemitt, Gilad Atzom — sjølv jøde — er invitert til NTNU i Trondheim. Der skal han tale til studentane. Han er også invitert til prestigetunge Harward University. Hatet rykker fram mot eit av dei minste folk på jorda, eit folk som gjennom FN-mandat i vår tid vart ein stat. Men Gilad Atzoms raseri er ikkje større enn hos den romerske keisar Caligula i år 38 etter Kristus. I Wikipeda kan vi lese at dei første pogromar gjekk føre seg i hans tid. Seinare har pogromar mot små og store spreidde jødiske samfunn på begge sider av Middelhavet følgt islam og kristendommen i alle dei 20 hundreåra sia. Gilad Atzom er blant dei siste som i to tusen år har forfølgt jødane, i hans propaganda retta mot den jødiske staten, Israel.

Det finst visst ingen definisjon på antisemittisme Det er eit hat som vi finn hos Muhammad, islams profet, og hans etterfølgjarar, men ikkje hos Kristus som ba for sin jødiske bødlar. Likevel har det hengt seg på kristendommen, ein demon i baksetet, som har forheksa folk til galskap og mord i omkring tjue århundre. Denne demonen har stått til teneste for fyrstar og prelatar når dei trong syndebukkar for vanstyre, ulykker, pest og nederlag i krig.

Tusentals små jødiske samfunn vart offer for demonen, eller for å bruke det rusiske innarbeidde namnet, Pogrom. At det er eit rusisk namn fortel at antisemittismen i hundreår etter hundreår var sterk under tsarane, pogromane var i blant veldige. Alt, nesten alt, er nedskrive. Lista blant anna i Wikipeda er lang!

Dei jødiske samfunna fram gjennom historia truga ingen. Dei vart forfulgde og drepne fordi dei var jødar — og flinke folk! Der var ingen grenser for brotsverk som vart dikta opp av ein eller annan om jødane, nok til at massen marsjerte mot jødiske bydeler eller landsbyar. Vanlege menneske over alt i Europa var i alle hundreår sikre på at jøden var moralsk mindreverdig og farleg. Dette synet var så allment at jamvel den store kristne reformatoren, Martin Luther i 1543 skreiv ei av dei verste antisemittiske erklæringane vi kjenner til.

Fram gjennom dei tjue hundreåra er det ikkje dokumentert jødiske overgrep som gav grunn for pogromane. Tusentals verjelause jødiske samfunn vart mest overalt utsette for plyndring, mord, massakrar. At jødane budde i eigne samfunn, ofte kalla ghetto, var etter fyrstens eller kongens ordre. Dei fekk ikkje lov å drive jordbruk, berre småhandel. Men det vart også gale Folk såg kor dyktige dei var i alt dei tok seg til. Så kom pogromen mot dei hækne jødane. Det gjekk ord om dei lure, grådige jødane, det følgte dei, anten dei var fattige eller rike verda over. Pogromar var ikkje all like blodige. Men pogromen var som eit skred. Speborn var ikkje trygge, ikkje kvinner, menn, oldingar heller. Når den rasande massen gjekk inn i jødiske samfunn var ingen jøde, speborn ved brystet, oldingar med staven trygg for sine liv.

Islamske folk, har mykje uskuldig blod på hendene. Det meste er nedskrive og dokumentert. I desse tjue århundre på begge sider av Middelhavet har små og store jødiske samfunn kvart einaste hundreår opplevd sine holocaust, før det siste store holocaust i vår tid. Norske dødsleirfangar var vitne til dette! Der er titusentals vitne!

Her er ingen pogromar i Europa nå. Ingen i Midtausten. Dei fleste jødiske etterkomarar av dei som har overlevd etter Hitler, er i Israel. Folk som like til det siste forfølgde dei, drap mennene og valdtok kvinnene, klagar bittert i dag. Jødane har reist inn i sin eigen stat på det gamle Israels grunn og sett gjerde rundt. Skammens mur, ropar mange i den uteljande flokk som forfølgde dei. Skammens mur ropar klakørar og antisemittar her oppe i Norden.

Pogromanes tid er forbi. Men ikkje heilt. Der finst små minoritetar att i Europa, NB ingen i Midtausten og Nord-Afrika.

Det let seg gjere å plage og truge på livet dei små minoritetane som er att i Europa. Vi har folk som gjer slikt. Vi har eigne etniske norske, og vi har innvandrarar som frå Muhammads tid i dag ser på jødar som kryp, som helst skulle vore døde. Ordbruken når det gjeld jødar i Midtaustens TV-sendingar, som kan følgjast overalt i Europa, er lik nazipropagandaen i okkupert Norge 1940-45. Iran har ikkje skjult sitt mål om den store pogrom, å utslette dette folket som har rømt frå sine plageånder og fiender og blitt ein av verdas mest avanserte nasjonar. Her kan dei drive landbruk betre enn dei fleste, jamvel i ørkenland.

Deira produkt er på kvart område på topp. Dei to-tusen år forfølgde har reist seg opp og vist oss sitt verd. Ufullkomne likevel, dei gjer urett på sitt nivå som vi gjer på vårt. Staten Israel, bygd som den er på eit FN- mandat, før FN tapte si uskuld!

Nasjonane rundt – frå Nord-Afrika og austover har gått til angrep på denne staten som var bygd opp av folk som dei hadde hatt under helen. Men dei risikerte berre å miste folk, ikkje å bli utsletta. Israel slost for sin eksistens og vann alle krigane: Nasjonen er framleis i krigstilstand. Alle i Israel veit kva det står om, liv eller Holocaust.

Folkevalde i Israel er politikarar som i Norge. Dei gjer mangt eit mistak. Medan landet vårt er blitt rike på olje er Israel nokolunde velståande, trass i enorme utgifter til sjølvforsvar.

Nå er Israel først og fremst eit utstillingsvindu. Der er mangt imponerande å sjå på område etter område. Få folk overgår det vi ser. Men det mange søker etter med ørneblikk er feil ved israelsk politikk. Feil er der rikeleg av i Israel som her, feil på feil. Det nåverande FN, dominert av muslimske land har sendt fleire resolusjonar mot Israel enn mot noko anna land på jorda.

Kva kallar ein dette? Antisemittisme.

Sjølvsagt er israelsk politikk som politikken i vårt og i alle andre land i mang ei sak kritikkverdig også sett frå utlandet, men er det derfor krefter i Norge vil boikotte dette eine demokratiske landet i Midtausten? Kvifor ikkje heller boikotte ei heil rad udemokratiske statar som grovt undertrykker sine folk?

Kvifor er det, 70 år etter frigjeringa, på ny blitt utrygt for jødar å vise seg i gatene i Oslo, Malmø og i mange andre byar?

Har vi å gjere med det to tusen år gamle nag mot jødane som viser seg på nytt, ja ufatteleg nok, på nytt etter Hitler?

Antisemittisme som ein ikkje kan definere, som det ikkje finst rasjonell forklaring på. Den må vere ein betennelse, tjue århundre gammal. Nå ser vi igjen og igjen at den har bite seg fast i det nye århundre.

Leserkommentarer på Document er gjenstand for moderering, som ikke skjer kontinuerlig og under enhver omstendighet ikke om natten. Vi ønsker en respektfull tone uten personangrep, sleivete språk eller flammende retorikk. Vis særlig nøkternhet når temaet er følsomt. Begrenset redigering av skjemmende detaljer kan finne sted. Skriv til kontakt@document.no dersom du ikke forstår hvorfor en kommentar uteblir.

  • Therion

    Protest.

    “Kristus som ba for sin jødiske bødlar”.

    Meg bekjent ble han – i følge teksten – henrettet av de romerske okkupanter. Evangelistene gjør et poeng av at de lokale jøder ikke hadde myndighet til å henrette noen.

    (At det gikk greit å steine Stefanos uten å spørre romerne om lov, er visstnok en annen sak….).

  • Anonym

    Kjære Ragnar Ulstein – tusen takk.
    Jeg syns Norsk forfatterforening og !les skulle be deg på skoleturné.
    I kjølevannet av niqab damen.

  • Anonym

    Det er ille å observere den utviklingen vi nå er vitne til. Hele eliten innen akademika og media driver et enormt propagandaapparat for å straffe jødene og om mulig drive de ut av Israel. De leter derfor med lys og lykte for å finne fram til denne typen “dissidenter” som her er nevnt. Det norske folk er ikke i bunn og grunn ikke antisemittisk men tiår med ensidig propaganda setter sine spor. Gaza-konvoien besto av mange godt voksne mennesker som levde i en verden der barnetroen var byttet ut med de stakkers paletinske englene og de slemme jødiske djevelene. Det meldes fra om at mennesker som har fått tilgang til andre faktaopplysninger  nesten har gått helt fra konseptene, fordi denne barnetroen i bunn og grunn er en av bunnbjelkene i disse menneskenes liv. Willochs omvendelse er vel et av de verste eksemplene og hans agering i denne saken blir bare verre og verre.

    • http://document.no Marit

      Angående Gaza-konvoyen er det grunn til å merke seg at Stortingets visepresident, Akhtar Chaudhry (SV), ønsket å tilslutte seg denne flotillaen.
      Så mye “verdighet” for Stortingets presidentskap. Og SV avskaffer seg selv.

  • Therion

    Ad pogromer.

    http://en.wikipedia.org/wiki/Khmelnytsky_Uprising

    Som det antydes i denne artikkelen, hadde den polske adelen i stor grad basert seg på jødenes tjenester – blant annet som administratorer og ikke minst skatteoppkrevere.

    Følgelig ble jødene generelt betraktet som undertrykkere og/eller undertrykkernes håndlangere.

    Og dessuten var jødene hverken katolikker eller ortodokse.

    Det polsk-litauiske riket er for lengst historie.

    Men jødehatet overlevde – og de nazistiske Einsatzkommandos ble ivrig assistert av lokale antisemitter i både Baltikum og ikke minst i Ukraina.

    Som ved Babij Jar i 1941 og senere. Det fortelles at det til dels skjedde med et applauderende ukrainsk publikum til stede, og at også ukrainere deltok i drapene.

  • Flora

     
    Takk Ragnar Ulstein.

    Hvorfor er antisemittismen tilbake? Ikke skyld på muslimene. De setter ikke agendaen her – ikke enda. Hvorfor er hatet mot Israel og jøden blitt så stort? Hvorfor står jøden på nytt så alene mot hatet og ondskapen?  Hvorfor er det blitt stuerent å kritisere Israel for hva som helst? Og hvorfor er uvitenheten om Israel så stor? Hvorfor står jøden atter engang så alene at det er stigmatiserende å forsvare han? I et normalt samfunn ville det vært stigmatiserende å IKKE gjøre det. Antisemittismen er tilbake fordi vårt samfunn er sykt, svært sykt. Vi trenger medisin, og medisinen er Sannhet.

    Støtt Document og andre som står  i stormen og taler ondskapen, antisemittismen og løgnen midt imot!