Skah: Fratatt barna fordi jeg er muslim

Hans Rustad

Khalid Skah sier i et intervju med Reuters at norske spesialsoldater dopet ham ned, da de skulle hente ut barna. Han trekker nå frem sin muslimske identitet som den egentlige grunnen til at han ble fratatt barna.

Skah meiner dei norske spesialsoldatane som deltok i aksjonen då barna hans vart henta til Noreg, eigentleg var hardkokte kriminelle.

– Dei dopa meg ned
- Dei gjekk sofistikert fram for å kome seg inn gjennom døra til heimen min, dopa meg ned og tok med seg barna mine, seier han til Reuters.

Skah har derimot ikkje lagt fram bevis for påstanden. Han vil heller ikkje seie korleis dei norske soldatane gjekk fram, skriv nyheitsbyrået.

Krev barna tilbake
Barna har i eit intervju med TV 2 sagt at det var deira eige val å rømme frå faren. Skah meiner dei er pressa til å seie dette. Han hevdar dei var lukkelege i Marokko, og uansett kunne reise frå han om dei ønskte det.

Skah krev å få barna tilbake.

– Dei gjorde dette mot meg fordi eg er muslim. Dei ønskte å skilje meg frå barna mine og oppdra dei til eit norsk levesett, seier han.

(NTB-Reuters)

Leserkommentarer på Document er gjenstand for moderering, som ikke skjer kontinuerlig og under enhver omstendighet ikke om natten. Vi ønsker en respektfull tone uten personangrep, sleivete språk eller flammende retorikk. Vis særlig nøkternhet når temaet er følsomt. Begrenset redigering av skjemmende detaljer kan finne sted. Skriv til kontakt@document.no dersom du ikke forstår hvorfor en kommentar uteblir.